Hopp til innhold

Taper minst 1 mill. utan ny tribune

DIREKTE PÅ NETT-TV: RANHEIM - SOGNDAL SØNDAG KLOKKA 13.00
Sogndal Fotball reknar med å tape minst 1 million kroner i billettinntekter i eliteserien, dersom tribuneanlegget på Fosshaugane ikkje blir ferdigstilt.

Fosshaugane Campus

UFERDIG: 7. juli 2006 opna nye Fosshaugane Campus. Framleis manglar den siste tribunen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gunnar Solbakken

JOBBAR FOR REALISERING: Styreleiar Gunnar Solbakken er klar på at Sogndal treng betre tribunekapasitet i eliteserien.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det vil vere trasig at folk må stå att på utsida no som vi endeleg er tilbake i eliten. Derfor kjempar vi hardt for å få dette i stand, seier styreleiar Gunnar Solbakken.

Fryktar konsekvensane

Sogndal hadde opphavleg lagt ferdigstillinga av stadionanlegget på is, men den sportslege suksessen i haust, har igjen fått fart på planane om å ferdigstille stadionprosjektet Fosshaugane Campus.

– Ein publikumskapasitet på 3700 tilskodarar ikkje er nok i eliteserien. Det vil ha negative konsekvensar for klubben, seier Solbakken til Sogn Avis.

Artikkelen held fram.

Ulrik Flo

PLANKEVEGG: Den gamle ståtribuna langs «Bjørkesida» der den nye tribuna er tenkt bygd, er i dag erstatta av ein plankevegg med reklameplakatar. Her flankert av Ulrik Flo i fint driv.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan auke med 1800 tilskodarar

Sogndal manglar førebels tribune på den eine langsida, frå gammalt av er kalla Bjørkesida, der den gamle ståtribunen på Fosshaugane var plassert. Kapasiteten medrekna hovudtribunen og dei to kortsidene er i dag på 3700 tilskodarar.

Med den siste tribunen på plass vil kapasiteten auke med 1800 til 5500 tilskodarar.

Sogndal Fotball som håpar på eit snittpublikum på 3000 personar i eliteserien, og reknar med å dra fulle hus mot publikumsfavorittane Brann, Rosenborg, Vålerenga og Aalesund.

Artikkelen held fram.

Fosshaugane Campus

3700: Dagens Fosshaugane har ein makskapasitet på 3700 tilskodarar.

Foto: Marit Hommedal, Nyhetsspiller / SCANPIX

Risikerer å ikkje få plass

Eit reknestykke Sogn Avis har gjort, viser at med ein bilettpris på 150 kroner, vil klubben tape 1.080.000 kroner berre på dei fire førehandstippa toppkampane.

– Dessutan er det ikkje umogleg at fleire kampar bikkar 3700 tilskodarar neste sesong . I den tøffe økonomiske kvardagen vi er inne i, er det ikkje tvil om at dette er store summar, seier ein uroa styreleiar.

Fylkeskommunen er på gli

Etter planen skulle Sogndal Fotball alt ha ferdigstilt tribunen til drygt 15 millionar kroner langs veggen på nye Sogndal vidaregåande skule, som er under oppføring kloss inntil stadion. Men slunken klubbkasse førte til at Sogndal la planane på is.

Men etter kvart som opprykket nærma seg i haust, vart det børsta støv av planane og Sogndal Fotball har søkt fylkeskommune om støtte til å realisere planane. I førre månad kom gladmeldinga om der fylkesrådmann Jan Ølchers antyda eit tilskot på 4 millionar kroner.

Endeleg avgjerd her vil bli fatta under fylkestinget i desember. Sogndal sjølve vil spytte inn 2,4 millionar, mens resten blir lånefinansiert.

Tribune framfor kunstgras

No set styreleiaren si lit til at fylkespolitikarane seier endeleg ja til planane i desember. Sogndal har søkt om eit tilskot på seks millionar kroner, som også skulle dekke kostnaden til kunstgrasdekke på Fosshaugane, men må etter alle solemerke nøye seg med fire millionar.

For å få realisert tribunen, er Solbakken villig til å leggje plannane om kunstgrasdekke på is.

– Tribunen er viktigast, meiner han.

Til sommaren?

Men tribunen blir uansett ikkje ferdig til seriestart. Den vil ikkje kunne stå ferdig før utpå sommaren.

– Vi håpar å få til ei løysing der vi kanskje kan få bruke deler av tribunen viss det skulle vere behov for det, seier Solbakken til Sogn Avis.