– Ser du ein minibank med tape som på bilete, så meld frå til banken eller til politiet, seier Olaug Holme, som er operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø.
Minibankar på Skei og i Stryn er utsett for innbrot denne veka, og politiet kan ikkje sjå bort frå at det er dei same tjuvane som står bak.
– Det var ein kunde som merka det, så vi veit ikkje når det har skjedd. Banken fungerer framleis og vi trur dei har brukt same framgangsmåte som vart brukt under innbrotet i Stryn, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved operasjonssentralen i Florø.
Minibanken ligg i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale på Skei, men det er Nokas som driftar den. Det er framleis uvisst om tjuvane fekk med seg pengar frå banken.
NRK har vore i kontakt med Nokas, men dei viser til politiet for kommentarar om tjuvane har fått med seg pengar.
– Gaffateip på ein minibank er ikkje vanleg
Tidlegare i veka prøvde innbrotstjuvar å bryta seg inn i minibanken i Stryn. No har minibanken på Skei blitt utsett for det same. Dei tre som gjorde innbrotet i minibanken i Stryn sitt i varetekt.
Tjuvane hadde brukt teip for å skjule spor. Ser du noko mistenkjeleg, så ber politiet deg om å melde frå.
– Gaffateip på ein minibank er rett og slett ikkje vanleg. Ser folk noko som ikkje er som det skal vere på ein minibank, så må dei melde frå, seier Næss.
Politiet ønsker tips frå publikum som kanskje har sett noko på telefon 02800.