Hopp til innhold

Kan stå att som taparen

Dersom Stortinget går inn for eit fritt skuleval på tvers av fylkesgrenser, kan Sogn og Fjordane ende opp som den store taparen.

Steinar Strømsli

REDD DEI FORSVINN: Leiar av Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, fryktar ungdomane vil trekkje mot andre stadar enn Sogn og Fjordane.

Foto: Tom Egil Jensen

Distriktsfylket Sogn og Fjordane vil vere den store taparen, medan folkerike fylke vil ende opp som vinnarar, fryktar Steinar Strømsli som er leiar for Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Stortinget behandlar i desse dagar eit forslag om å la ungdomar velje fritt kvar dei vil gå på vidaregåande skule. Med dagens ordning må mesteparten av ungdomane i Sogn og Fjordane gå på ein vidaregåande skule her i fylket.

– Skuleungdomar vil truleg søke seg inn på skular i større tettstadar og byar, noko vi ikkje har mykje av i Sogn og Fjordane, meiner Strømsli.

Vil opne fylkesgrensene

Landsstyremedlem i Unge Venstre, Daniel Gangeskar, meiner fritt val skuleval på tvers av fylkesgrensene vil vere til fordel for fylket.

– Det er ei ordning Sogn og Fjordane vil tene på. Eg ønskjer at vi skal få opp elevtala i større grad, då vi har blant dei beste skulane i landet. Dette tilbodet burde fleire få nytte seg av.

Daniel Gangeskar

FRITT SKULEVAL: Daniel Gangeskar er for eit fritt skuleval på tvers av fylkesgrenser.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Gangeskar trur eit fritt skuleval kan vere med på å rekruttere fleire ungdomar til Sogn og Fjordane, i ei tid der fylket møter utfordringar med nedgang i elevtalet.

– Stadig fleire unge vil inn i den maritime delen av arbeidsmarknaden, og der er Sogn og Fjordane i Noregstoppen. Med nokre av dei beste vidaregåande skulane i landet på sine felt, vil det i seg sjølv trekkje ungdomar hit.

Trur det forverrar dagens situasjon

Det er lite truleg at ei opning av fylkesgrensene vil trekkje fleire elevar til fylket, meiner Karianne Torvanger som er leiar for Hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane.

– Hadde det vore ein realitet, så ville vi sett resultata av det allereie i dag. Det gjer vi ikkje. Med den beste vidaregåande skulen i landet, er det no null til ein elev per år som pendlar inn til Sogn og Fjordane for å gå på skule her.

Karianne Torvanger i fylkestinget

LITE TRULEG: Leiar for Hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane, Karianne Torvanger, trur ikkje fritt skuleval vil føre til fleire elevar til Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Klassar med få elevar gjer Sogn og Fjordane ekstra sårbare, og eit fritt skuleval kan forverre dagens situasjonen, hevdar Utdanningsforbundet.

– Fleire klassar på vidaregåande er heilt på grensa til kva som skal vere for å halde oppe klassane. Forsvinn elevar over fylkesgrensene, kan det medføre til at klassar vert lagt ned. Det får konsekvensar for breidda av fag som vi kan tilby her i fylket, meiner Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet.