NRK Meny
Normal

Kan tape store summar på ladetrøbbel

Norled kan tape store summar på at dei ikkje har klart å få til ladesystemet på elferja "Ampere" slik dei ønska. Statens vegvesen trugar no med å trekke dei i støtte kvar månad.

Batteriferja Ampere

PROBLEM: Norled har fått sanksjonar sidan nyttår på grunn av manglande leveranse på ferjesambandet Lavik- Oppedal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Statens vegvesen har ifølgje kontrakten med Norled lov til å trekkje dei for tilskotet dei skal ha for å drifte Lavik-Oppedal, men vil ikkje seie kor stor sum det er snakk om.

– Sidan dette er nybrottsarbeid har vi gjeve Norled slingringsmonn det første driftsåret. Men dei har snart brukt opp den kvoten, seier fagkoordinator på ferje i Statens vegvesen, Anders Sæternes.

Vegvesenet ikkje nøgde

Kor store summar er det snakk om i sanksjonar?

– Det fortel vi aldri, og det er ei sak mellom leverandør og kontraktør, seier Sæternes.

Den flunkande nye batteriferja «Ampere» skulle vore i full drift no. Men stadig sender Norled ut meldingar om at ferjesambandet på E39 mellom Lavik og Oppedal har redusert kapasitet.

For ladestasjonen til batteriferja fungerer ikkje slik den skal, og dermed klarer ikkje mannskapet å lade ferja godt nok opp for neste tur.

– Batteriferja er vi ikkje heilt nøgde med. Det er mykje nytt som skal prøvast med ny teknologi. Det går noko seinare i innfasingsfasen enn det vi hadde håpa på, seier Sæternes.

Ferja mellom Lavik og Oppedal slit med ladinga som skulle vore på plass i januar.

LADEPROBLEM: Norled håpar dei får kontroll på ladestasjonane sine så snart som råd.

Frustrerer folk

Avlyste ferjeavgangar, lange køar og stadige meldingar om forseinkingar kjem frå selskapet som har den aller første batteridrivne ferja i verda.

– All manglande leveranse i forhold til det som er sett opp i kontrakten vert sanksjonert. Og det er økonomiske sanksjonar. Men vi uttaler oss ikkje om størrelsen på kontraktbrotet. Det er eit forhold mellom kontraktør og oppdragsgjevar.

Sanksjonar for manglande leveranse held på så lenge kontrakten varer.

– Har Norled fått bøter sidan nyttår?

– Dei vert sanksjonert for all manglande leveranse, også frå nyttår.

Tolmodet snart slutt

– Kor stort tolmod har de med Norled?

– Det første driftsåret i denne kontrakten her på grunn av ny teknologi, så er det gjeve noko større slingringsmonn det første driftsåret.

No har dei snart brukt opp slingringsmonnet.

– Kva vil skje om dei framover ikkje klarer å levere?

– Eg føreset at dei klarer det.

Skal forhandle om summen

Regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker, seier til NRK at dei er innforstått med at dei vil tape økonomisk på at dei ikkje har klart å køyre så mange turar med "Ampere" som det var planlagt.

– Men kor mykje det er snakk om er ikkje avklara. Vi skal ha eit møte med Statens vegvesen om dette, seier Utåker.

Han syner til at Statens vegvesen har høve til dette gjennom kontrakten som blei skrive i 2012.

– Men der står det også at ferjekaiane på Lavik og Oppedal skulle vere ferdig til vi sette inn ferja, og det er dei ikkje før i september, påpeikar Utåker.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast