Hopp til innhold

Tapar store pengar på vegstenging

BRIKSDALSBREEN (NRK): Turistnæringa i Indre Nordfjord taper fleire hundre tusen kroner i inntekter kvar dag på stenginga av fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser

LANGT MELLOM BUSSTURISTANE: Reiselivet i Stryn merkar godt at vegen over utvikfjellet er stengd for bussar og større køyrety.

No blir vegen opna for kolonnekøyring for personbilar fire gongar om dagen.

– Då eg opna e-posten i dag tidleg låg det meldingar om at to av gruppene som vi skulle hatt i ettermiddag hadde kansellert. Grunnen som var oppgitt var vegstenging, seier Rogeir Haugen, som er dagleg leiar i Oldedalen skysslag.

Rogeir Haugen

FRYKTAR KANSELLERINGAR: er dagleg leiar i Oldedalen skysslag.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

For to veker sidan tok flaumen i Utvik med seg hovudvegen . No blir bilistar som skal over Utvikfjellet møtt med skilt som fortel at vegen er stengd. Dei som har turistar som levebrød er fortvilar.

– Det eg fryktar er at dersom gruppene no byrjar å kansellere så kan mykje dette ut framover, og vi har mykje igjen av sesongen enno, seier Haugen.

Mellombels løysing

Fylkeskommunen og Statens vegvesen opnar onsdag ein midlertidig veg i Utvik for køyretøy inntil 3,5 tonn. Det vil i hovudsak seie personbilar. Det hjelper lite for dei som ventar på turistbussane.

– For vår del, som er så avhengige av gruppereiser, så er vi berre nøydde til å få på plass ei ordning som gjer at vi også får bussane over. Viss ikkje kjem det til å få store konsekvensar, seier Haugen

For berre i Briksdalen har dei tapte inntekter på 100.000 kroner kvar einaste dag, og på dei 14 dagane vegen har vore stengt blir det eit millionbeløp.

Inge Melkevoll

ALDRI OPPLEV LIKNANDE: Inge Melkevoll er eigar av Melkevoll Bretun.

Foto: Kaja Johnsen Viki / NRK

–Eg har drive her i 40 år, og har aldri opplevd noko liknande, seier Inge Melkevoll som eig Melkevoll Bretun.

Tidlegare i sommar var campinga hans full av bubilar.

– Vanlegvis så er det eit yrande liv her, særleg no nå vi er midt i høgsesongen, seier Melkevoll.

Har alt fått konsekvensar

Og ved fjellstova, litt lengre oppe i dalen, skulle det vore fullt med bussar på parkeringsplassen. Men den lange omkøyringa gjer at ein tredjedel har kansellert, og det får konsekvensar.

Per Briksdal

FÆRRE TILSETTE: Per Briksdal er dagleg leiar for Briksdalsbreen Fjellstove.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi har byrja trappe ned bemanninga. Vi kan ikkje ha same bemanning no som vi elles ville hatt med normalt turistbesøk, seier Per Briksdal som er dagleg leiar for Briksdalsbreen Fjellstove.

Statens vegvesen seier dei jobbar på spreng med å få på plass ein veg for alle køyretøy gjennom Utvik, men at flaumen gjorde så store skader at det vil ta tid.

Men situasjonen i Briksdalen er ikkje unik, også handelsstanden har merka kraftig nedgang i omsettnaden. Millionar har det også kosta for Stryn energi.