NRK Meny
Normal

Tapar millionar på stengd veg

Flåm utvikling reknar med millionbeløp i daglege tap så lenge Gudvangatunnelen er stengd.

Turistnæringa i Flåm tapar dagleg millionbeløp så lenge Gudvangatunnelen er stengd.

STOR NEDGANG: Flåm er blant dei som er hardast råka av langvarig stenging av E16.

Torsdag kom det fram at Gudvangatunnelen på E16 kan bli stengd i ein månad. Turistmålet Flåm som ligg eine sida av tunnelen merkar dette godt.

– Dette får store konsekvensar, ikkje berre for oss, men for alt reiseliv i Indre Sogn og Hordaland. Gudvangatunnelen er ein veldig viktig port for reiselivet, når det gjeld både rundturar og alt her i området, seier Sivert bakk, driftssjef i Flåm utvikling.

Drastisk nedgang

Blant anna brukar nyttar ikkje lenger cruiseturistane bussturane som går til Voss og tilbake. Og den vanlege gjennomgangstrafikken som ofte stoppar i Flåm og overnattar og nyttar seg av tilboda har uteblitt.

– Ein tredje ting er alle turistane som kjem med buss til Flåm og tek Flåmsbana og ein tur på fjorden, der har vi også sett ein drastisk nedgang, seier Bakk.

Han reagerte sterkt då Vegvesenet gjekk ut og sa at tunnelen kunne bli stengd i ein heil månad, og han fryktar det står på viljen til å bruke pengar.

– Sjølvsagt må Vegvesenet få bruke den tida dei treng til å få tunnelen i forsvarleg stand, men eg håpar ikkje at ein månad er basert på ein økonomisk ståstad frå Vegvesenet, men at dei snur kvar stein og brukar kvar ei krone for å få tunnelen opna igjen så fort som mogleg.

Avviser kritikken

Meldinga om langstengd E16 har også fått reaksjonar frå fleire hald. Torsdag gjekk ordførarane i Lærdal og Aurland ut med at dei vil ha ferje mellom Gudvangen og Lærdal så lenge Gudvangatunnelen er stengd. Bakk meiner det er eit godt forslag.

– Ferje mellom Gudvangen og Lærdal vil hjelpe ein god del. For oss er det ikkje hjelp i omkøyringsvegane, seier han

Fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen, Paal Fosdal, avviser at det står på viljen deira å få rydda og reparert tunnelen.

– Det er eit omfattande arbeid for å kunne sette trafikk inn igjen, og vi kjem til å gjere det så raskt som mogleg. Det står ikkje på pengane, men det skal gjerast på ein måte som tek vare på sikkerheita for dei som skal utføre arbeidet, og slik at vi er sikker på det vi gjer er gode løysingar. I tillegg treng mykje av arbeidet spesialutstyr, blant anna spylinga som vi set i gang med over helga, seier han.

Har teke ut nærast all kapasitet

Paal Fosdal

JOBBAR PÅ SPRENG: Fungerande regionvegsjef i Statens Vegvesen, Paal Fosdal, seier dei vil gjere arbeidet så fort som mogleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fosdal fortel at det like etter ulukka måndag kom spørsmål om kvifor dei ikkje stengde tunnelen tidlegare. No kjem det spørsmål om kvifor dei ikkje får opna den igjen med ein gang. Han seier det er krevjande arbeid som tek tid.

– Sjølvsagt forstår eg at det er vanskeleg når ein begynner å tape store summar på dette, men det forandrar likevel ikkje det faktum at dette er eit arbeid vi må gjere på ein skikkeleg måte, seier han.

Til Lærdal-ordførar, Jan Geir Solheim, sitt forslag om ferje mellom Gudvangen og Lærdal er han skeptisk.

– Det vi no prioriterer i første omgang er å få ein god trafikkavvikling på det vi har sett opp som omkøyringsvegar. Når det gjeld det som Solheim tek opp så forstår eg det at dei ønskjer eit slikt samband. Vi har ikkje gitt det prioritet no, men vi har notert innspelet og har det med oss vidare i vurderingane, seier Fosdal.

Han er usikre på om ei så lang ferjestrekke vil vere ei god løysing med tanke på trafikkavviklinga. Likevel har han god kontakt med ferjeselskapa for å finne fram til dei beste løysingane.

– Dei har ein del avgrensingar knytt til kor lenge dei kan ha folk i arbeid, og det er ein del utfordringar knytt til det å flytte ferjemateriale, så no begynner vi å nærme oss ei grense for kva vi kan ta ut av kapasitet, seier regionvegsjefen.