NRK Meny
Normal

Olsson skuffa over resultat i målrik kamp

START-SOGNDAL 3-2: Sogndal-trenar Jonas Olsson har framleis trua på Sogndal og meiner dei no berre må køyre på. Han var difor svært skuffa over tapet i Kristiansand i dag.

Jonas Olsson, Start-Sogndal

SPENT STEMNING: Trass ein god andre omgang av spelarane vart det nok eit tap for Sogndal. Olsson (t.v.) er skuffa.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Trass i to scoringar frå Mahatma Otoo var det Start som trekte det lengste strået i kveldens kamp på Sør Arena i Kristiansand.

Ni kampar på rad har Sogndal spelt utan å sanke ein trepoengar. Sogndal ligg framleis i raudsona og tredje nedst på tabellen med 20 poeng.

– Om vi held fram slik vi har gjort tidlegare, så vinn vi fort to-tre kampar, og det er jo det som krevjast for å klare det her. Det er berre å køyre på, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Trykker dei ned i skoa

– Start får eit fantastisk mål og vi får ein dårleg start. Vi vinn få ballar og motstandarane gjer det bra. På 2–1 rotar vi det til, men då er det fantastisk av spelarane å kome ut og gjere ein slik andreomgang, seier Olsson.

Sogndal endrar på oppsettet etter kvilen og spelar 3-5-2. Olsson likar det han såg i siste halvdel av kampen.

– Vi trykker Start ned i skoa og gjer det veldig, veldig bra gjennom heile andre omgang. Eg hadde vore skuffa om det hadde enda 2-2, så enda meir skuffa er eg når det endar 3–2.

– For i dag gjekk de for tre poeng?

– Ja, det gjer vi i alle kampar. I dag hadde vi ein stor sjanse, og eg tykkjer Start såg bleike ut gjennom heile kampen. Det kan virke som dei var prega av alvoret, så for vår del var det ein bra prestasjon, seier han.

(Artikkelen held fram under bilete)

Start-Sogndal

SKUFFA: Både trenar, spelarar og supporterar er skuffa etter dagens tap på Sør Arena. Kampen låg lenge på 2–2 inntil Start fekk straffe.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Nye tak

Trass i få poeng og mykje tap etter ferien er Olsson sterk i trua på at Sogndal skal klare seg i eliteserien.

– Det har eg vore heile året, og det har eg hatt alle år med Sogndal. Vi jobbar litt imot naturen sine krefter, men samstundes er det òg vår styrke. Vi har fått maks ut av alle spelarar som har vore her, og hatt ein enorm spelaromsetnad med rundt 60 spelarar på to og eit halvt år. Så det er berre å ta nye tak og kome tilbake.

Start fekk si første scoring etter berre tre minutt ut i kampen. Zlatko Tripic sende sørlendingane i leiinga, men etter ein halvtime får Sogndal utteljing for sin dødballtaktikk og Otoo stangar ballen i mål.

Det varer ikkje lenge og få minuttar seinare er Start opp i leinga att. Laga går til pause med stillinga 2–1. Ny utlikning kjem i det 49. minutt, nok ein gong er det Otoo som headar ballen i mål. Den ghanesiske spelaren vert liggande i smerte etter scoringa og vert teken av bana kort tid etter.

Heilt på tampen av kampen får Start straffe og scorar, men denne gong klarar ikkje Sogndal å utlikne. Kampen endar difor 3-2, og Sogndal må reise heim utan sårt trengde poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Saknar ei straffe

– Det er ingen som kan ta oss på innsatsen i dag. Det er små marginar som avgjer kampen. Vi kunne fort fått ei straffe òg, men det får vi dessverre ikkje, seier Olsson.

For Start si straffe heilt på tampen vart nok avgjerande for resultatet i kampen. Olsson meiner straffa var fortent og var elles nøgd med dommaren.

– Vi er Sogndal og jobbar i mot mange, men det er samstundes det som er styrken vår. Supporterane er nok like skuffa som oss, men dei ser nok at vi blør for det vi held på med.

Mot gamle lagkameratar

– Eg tykkjer det var ein god kamp, men òg litt tøff for min del sidan kampen var mot gamlelaget mitt, seier senegalesaren, Babacar Sarr som signerte for Sogndal i juli.

Han tykkjer det var kjekt å vere tilbake på sin gamle stadion og sjå gamle kollegaer.

– Vi spelte ein god kamp, og var heldige med måla, men vi hadde ikkje sjanse.

– Er det mogleg for Sogndal å finne vinnar-forma att?

– Sjølvsagt. Ein har klart å vinne mot slutten av sesongen før, så alt er mogleg. Det er ikkje så mange poeng det er snakk om før vi kan klatre. Vi må jobbe hardt og framleis tru at vi kan klare å halde oss i tippeligaen, seier Sarr.

Kan å lage mål

Siste kampane til Sogndal har det vore lite mål. Mot Start scorar Mahatma to mål.

– Kor viktig er det å få han i gong att?

– Det er viktig at laget lagar mål, kven som gjer det er ikkje så viktig. No har vi fått fire mål på dei to siste bortekampane, så mål kan vi lage, seier Olsson.

Neste kamp er mot Ålesund om to veker. Olsson seier det då gjeld å skaffe energi for å ta ein trepoengar.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser