Dei andre arrangementa i Sunnivafestspela på land gjekk i balanse eller pluss.
Dette gjorde at tapet samla sett vart på omlag 100.000 kroner. Trass tap har eldsjelene bestemt seg for å arrangere ny festspelveke i år.
Feil om billettinntekter
Bakgrunnen for det store tapet på sogespelet var ei feil opplysning frå Billettservice som fortalde om 3000 førehandsselde billettar, medan det berre vart selt vel det halve.