Hopp til innhold

Tap for Sogndal på bortebane

Det enda med 2-0 tap til Sogndal då dei møtte Viking søndag.

ELITESERIEN SOGNDAL - VIKING

TAP: Sogndal må reise heim att utan poeng etter kampen mot Viking søndag.

Foto: Tor Yttri / Scanpix

Dei måtte sjå seg slått av eit Viking-lag, som var hakket betre på bana og som toø slutt tok samtlege tre poeng.

HER KAN DU LESE REFERAT FRÅ KAMPEN

Scora etter 17 minutt

Det vart ein sjansefattig førsteomgang på Viking stadion. Den første sjansen kom etter omlag 13 minutt då Trond Olsen gjorde eit forsøk på mål. Men Kenneth Udjus gjorde jobben sin og redda.

Etter 17 minutt ut i førsteomgang fekk Viking inn det første målet som gav dei leiinga 1-0.

Yann-Erik de Lanlay klarte å treffe heilt nede ved stolperota, og ballen gjekk i mål.

de Lanlay i støtet

Ørjan Hopen gjorde eit forsøk frå omlag 20 meter ut i andre omgang. Skotet hans var hardt nok, men forsvann eit par meter til side for målet.

Det andre målet kom etter 89 minutt av kampen.

Det er nok ein gong de Lanlay som tek kontrollen over ballen, spring fram og finn Birkir Bjarnason.

Utan at Bjarnason klarar å score. Men Erik Nevland klarar deretter å sette ballen i mål.

Lagoppstilling:

Sogndal 5-2-3):
Kenneth Udjus - Mats Solheim, Isak Scheel, Even Hovland, Per Egil Flo, Henrik Furebotn - Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen - Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Bakke, Taijo Teniste


Viking (4-3-3):
Rune Almenning Jarstein - Christian Landu Landu, Johan Lædre Bjørdal, Indridi Sigurdsson, Trond Erik Bertelsen - Valon Berisha, King Osei Gyan, Birkir Bjarnason - Yann-Erik de Lanlay, Erik Nevland, Trond Olsen.

Det har ikkje vore råd for NRK å kome i kontakt med leiinga eller spelarar i Sogndal etter kampen.