Hopp til innhold

Tannlegar oppdagar omsorgssvikt, vald og misbruk av små born

Frå 2011 til 2012 har det vore ein auke i saker der tannlegane melder frå til barnevernet om mistanke om til dømes omsorgssvikt eller seksuelle overgrep.

Tannlege

OPPDAGAR OVERGREP: Tannlegar landet over har fått ei viktig rolle i å avdekke omsorgssvikt og mishandling av barn.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

2011 var det fyrste året der tannlegane fekk rutinar på å melde frå og i 2012 resulterte det i 9 bekymringsmeldingar frå tannlegar i Sogn og Fjordane.

Ved tannklinikken i Høyanger gjer tannlege Ingvild Osland Boge i Høyanger seg klar til å ta i mot eit barn som ventar spent ute på gangen. Men det er ikkje berre hol i tennene tannlegane kan oppdage.

– Vi ser på heile personen. Vi ser både etter tannhelsa, om det er sår eller blåmerke, fortel ho.

Heilt tilfeldig før

Tannlegar landet over har fått ei viktig rolle i å avdekke omsorgssvikt og mishandling av barn. Årleg blir det no sendt 500 meldingar til barnevernet. For tannlegar er ofte dei einaste i helsetenesta som kjem rutinemessig så nær innpå barn.

Dei har sjansen til å oppdage korleis barnet eigentleg har det, både når det gjeld kosthald, hygiene, tillit til vaksne og teikn på seksuelt misbruk.

Men tidlegare var det heilt tilfeldig om dei meldte frå om kva dei såg. Men for tre år sidan kom det nye rutinar på plass som legg til rette for å kontakte barnevernet.

– Det følast veldig trygt at vi har felles rutinar og reglar for korleis vi skal melde, kven vi skal melde til og når vi skal gjere det, seier Boge.

Meiner ei barriere er broten

Bent Rønnekleiv

MELDER OFTARE FRÅ: Fylkestannlege Bernt Rønnekleiv seier tannhelsepersonellet er blitt meir observante.

Foto: Johan Moen / NRK

Fyrst i 2011 og 2012 er talet meldingar frå tannlegane til barnevernet blitt registrert. Fylkestannlege Bernt Rønnekleiv i Sogn og Fjordane seier mykje har endra seg dei siste åra.

– Vi ser at tannhelsepersonellet er meir observante og er ikkje redde for å gi beskjed. Det er ei barriere som er broten. Tidlegare var det vasstette skott og mange var veldig redde for å ta grep og gjere dei rette tinga, seier Rønnekleiv.

I Sogn og Fjordane hadde ein tre meldingar i 2011 og 9 meldingar i 2012. Sett i forhold til folketalet er det ein auke frå ei melding per 7768 barn til ei melding per 2569 barn. Både tal på bekymringsmeldingar og tal meldingar til foreldre har auka.

Registrering av bekymringsmeldinger i den offentlige tannhelsetjenesten

 

 

2012

2012

2011

Gjennomsnitt for landet

 

 

 

1968

1969

Fylke

Born 3-18 år 2011 (SSB)

Varsel sendt 2012

Meldingar til barnevern

Tal barn 3-18 per melding

Tal barn 3-18 per melding

Østfold

55 352

9

16

3460

6892

Akershus

121 766

38

14

8698

4026

Oslo

99 483

133

69

1442

1876

Hedmark

36 277

17

14

2591

1517

Oppland

35 700

28

18

1983

5113

Buskerud

52 398

33

42

1248

1236

Vestfold

47 310

244

72

657

369

Telemark

32 754

-

6

5459

2753

Aust-Agder

23 183

39

27

859

1096

Vest-Agder

37 342

10

14

2667

828

Rogaland

96 586

68

45

2146

3695

Hordaland

100 613

87

62

1623

6260

Sogn og Fjordane

23 119

21

9

2569

7768

Møre og Romsdal

52 654

18

6

8776

2392

Sør-Trøndelag

58 176

20

16

3636

5284

Nord-Trøndelag

28 205

2

6

4701

4710

Nordland

47 725

150

36

1326

1614

Troms

31 847

20

12

2654

3564

Finnmark

15 155

53

22

689

1275

Ekspander/minimer faktaboks

Oppdagar flest tilfelle av omsorgssvikt

2012-tala viser at Sogn og Fjordane no ligg om lag på landsnittet på meldingar i høve barnetalet. Også her har tannlegane avdekka seksuelt misbruk, men det er særleg omsorgssvikt dei avdekkjer.

Det går på at det er mykje hol i tennene og dårleg reinhald. Borna får ikkje nok hjelp og oppfølging av foreldra.

Ungar som må leggjast i narkose og trekkjast alle tennene fordi dei har fått fri tilgang til sukkerhaldig drikke er dessverre ei klassisk historie.

– Det blir mange hol og har mykje smerte. Enkelte har infeksjonar i munnen og nokre born kan ha problem med å sove.

Vestfold toppar

Talet meldingar varierer kraftig frå fylke til fylke også justert for det totale talet ungar i fylket. Vestfold toppar med 72 meldingar noko som utgjer ei melding for kvart 369 barn per melding medan Østfold ligg i andre enden med 6800 barn per melding.

Truleg skuldast dette forskjellige rutinar på når ein melder frå og helsedirektoratet jobbar med å få på plass nasjonale retningslinjer.

Jobbar med nasjonale retningslinjer


Det er tannhelsetenesta på Vestlandet som har gått i spissen her i landet for dei nye rutinane med eit arbeid dei sette i gang i 2009. Litt etter litt har andre kome etter og helsedirektoratet jobbar no med nye nasjonale retningslinjer.

Tannlege Ingvild Osland Boge i Høyanger er uansett glad for at det er lagt til rette for at ho kan melde frå om barn som treng hjelp.

– Det er veldig bra at borna får den hjelpa dei treng, seier ho.