Fylkestannlege Erik Orten seier at dei dei tre klinikkane det er snakk om å legge ned er såkalla biklinikkar. Dei har betjening ein eller to dagar i veka. Utan dette tilbodet må pasientane reise til hovudklinikken i dei aktuelle kommunane for å få tannlegehjelp, men i følge Erik Orten er det snakk om korte reiseavstandar.
Sparer 400.000
Fylkeskommunen har husleigekontrakter på klinikkane på Skei, Davik og Stadtlandet fram til 2006. Difor er det i følgje Orten ikkje aktuelt å legge dei ned før den tid.
Han reknar med at fylkeskommunen kan spare minst 400.000 kroner på tiltaka.