Hopp til innhold

Tankskip var i stor fare

Tankskipet Thames med 22 mann ombord var ei stund i alvorleg fare i natt.

BW Thames fekk problem i uvêret

Politiet fekk 23.10 i går kveld melding om eit 228 meter stort tankskip som var i havsnaud utanfor Værlandet i Askvoll kommune. Orkanen "Dagmar" hadde skapt store problem for skipet som ei stund var nær i gå på land. Det vart førebudd ein større redningsaksjonen.

SeaKing stod klar

-Eit SeaKing redningshelikopter stod klart og ein slepebåt var på veg. Vi frykta at skipet skulle gå på grunn vest for sandøy fyr. Dette er eit ureint og farleg farvatn. Men kapteinen greidde til slutt å få kontroll over skipet, fortel Edvard Middelthon ved hovudredningssentralen for Sør-Norge.

-Dei siste opplysningane vi sit på er at skipet no greier seg sjølv, seier Per Rimmen ved operasjonssentralen i Florø.

Nær å treffe land

-Kor dramatisk var det?

-Det var ei stund fare for at skipet skulle gå på land. Det kunne vorte dramatisk, seier Rimmen.

Tankskipet er registert i Singapore og var på veg til Mongstad. Det var lenge ukalrt om kapteinen ville evakuere skipet.