Hopp til innhold

Tankbilen fjernast i kveld

Tankbilen som velta på E39 i Jølster blir fjerna i kveld, det skriv Firda. Ifølgje avisa må bebuarane i nærliggande hus evakuerast medan bilen blir fjerna. Dei har fått tilbod om å sove på skulen på Vassenden i natt. Vegen vil vere stengt i om lag ein time, medan tankbilen blir fjerna. Arbeidet startar klokka 22.45.