Hopp til innhold

Krasja med 18 kubikk lut på tanken - uvisst når riksveg 5 opnar att

Riksveg 5 er mellom Førde og Florø er framleis stengd ved Hatleset etter at ein tankbil fullasta med lut kolliderte med ein varebil måndag kveld. Ein bil kom i 05-tida til staden for å tømme bilen.

Trafikkulukke

TANKBIL OG VAREBIL HAR KOLLIDERT: Politiet har oppretta tryggingssone på 200 meter.

Foto: Truls Kleiven

Det var ein person i kvar av bilane, og begge kom frå uhellet utan skader. Seks bebuarar i fire hus er evakuerte.

Tankbilen er lasta med 18,5 kubikk lut. Dette er ei sterk basisk løysing av natriumhydroksid.

– Det er liten eksplosjonsfare, men det kan vere farleg å få på seg og isnande, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Evakuerte seks personar

Ein tankbil frå Florø kom i 05-tida fram til staden for å ta til på tømming av tankbilen. Det skal ikkje vere lekkasje frå sjølve tankane, men det har vore lekkasje frå tappeanlegget.

– Tanken er å få tappa over kring 14 kubikk av lasta, før bilen blir berga. Dersom alt går etter planen, så vil tømminga av tanken ta kring ein times tid. Så spørst det om det blir problem med å få vogntoget opp på vegen og med seg, seier Rimmen.

Det er ikkje oppdaga skade på tank, men på røyr for tapping. I løpet av natta har det runne ut 35 liter. Det er oppretta ei sikkerheitsone på 200 meter rundt staden.

– Dei evakuerte har teke inn på hotell eller hos slektningar til situasjonen er avklart, opplyser Rimmen.

Køyrde i fjellveggen

Det var tett snødrev i området då uhellet skjedde like over klokka 22. Sjåføren av tankbilen har forklart at han fekk sleng på det glatte føret og førarhuset trefte fjellveggen.

Varebilen som kom i mot trefte så tankbilen.

– Det blir no gjort ei vurdering av om ein kan fjerne tanken, eller om ein skal forsøke å tappe om lasta med lut. Kva ein landar ned på der, vil vere avgjerande for når vegen kan opnast igjen, opplyste operasjonsleiar Inge Værøy måndag kveld.

Uvisst når opnar

NRK har tysdag morgon vore i kontakt med selskapet som skal tømme tankbilen. Det er uvisst kor lang tid arbeidet vil ta, og når riksveg 5 vil opne att.

Lut er etsande, og verkar «glatt». Det er vanskeleg å vaske vekk, noko som gjer at lutsøl på hud og slimhinne kan vere farlegare enn syresøl. Tidlegare var lutsprut den klart vanlegaste årsaka til skader på skule og studentlaboratorier.

Operasjonsleiar Rimmen seier det er uvisst når vegen blir opna att.

– Når lasta er komen over, og det ikkje er påvist noko lekkasje, så er det tale om ordinær bilberging. Men folk må belage seg på å vente, avsluttar han.