NRK Meny
Normal

Tankbil fylt med propan velta på E39

Ein tankbil med propan velta på E39 i Jølster i ettermiddag. Vegen var lenge stengt, men no har politiet byrja å sleppe trafikk forbi.

Tankbil i grøfta

I GRØFTA: Tilhengaren fylt med propan velta og det var lenge uvisst om det var lekkasje frå tanken.

Foto: NRK-tipsar

Ulukka skjedde på E39 i Jølster, like nedanfor Langhaugane på Vassenden i ettermiddag. Tankbilen hadde køyrt i grøfta og tilhengaren som var fylt med propan, hadde velta. Føraren vart ikkje skadd i ulukka.

Oppretta sikkerheitssone

Politiet oppretta ei sikkerheitssone på 300 meter rundt tankbilen etter ulukka.

– Tankbilen er fylt med propan, men det er ikkje meldt om lekkasje. Vi tek alle forhandsreglar og trekker andre bilistar vekk, og sperrer eit område på 300 meter rundt tankbilen, sa leiar ved operasjonssentralen i Bergen.

Politiet valde å evakuere personane i husa som var nærmast ulukkesstaden.

Manuell dirigering

Vegen var stengt i lang tid etter ulukka. No har politiet byrja å dirigere trafikken forbi tankbilen.

Lange køar

E39 STENGT: Det danna seg lange køar i området etter ulukka.

Foto: NRK-tipsar
Brannmannskap på plass

BRANNMANNSKAP: Fleire brannbilar var etter kort tid på plass ved ulukkesstaden.

Foto: Thomas Brakstad / NRK
Velta tankbil

PROPAN: Den velta tilhengaren er fylt med propan.

Foto: NRK-tipser
Vegopning på Bergum i Førde kommune