Hopp til innhold

Tangingane leie av røyk og støv

Fleire innbyggarar på Årdalstangen har klaga over dei stadige utsleppa frå Hydro-verksemda Årdal Carbon.

Biletet er teke i juni då det var ein brann som gjorde det ekstra røykfylt på Årdalstangen.
Foto: Privat MMS-foto

Folk som bur i nærleiken opplever at kvardagen blir forsura av røyk og støv. Hanne Stedje er ei av dei som har fått nok.

- Røyken er veldig synleg, uansett kvar du er på Årdalstangen. Dette blir det snakka mykje om, og folk er frustrerte.

 Ikkje berre røyk

Og det er ikkje berre røyken folk er lei av, også støv frå fabrikken har vore eit stort problem på Årdalstangen. Frå mottaket til Hydro-verksemda Årdal Carbon kjem det og store mengde med støv i form av koks og oksyd.

- Må ut med vaskefilla

- Tynt, grått støv som det er vanskeleg å vaske vekk. Det er slik at om folk skal sitte ute i hagen eller på verandaen og nyte sommardagen, små må dei ut med vaskefilla før dei kan sette seg ned, og du merkar og støvet på bilar og innandørs. Folk må tørke støv mykje oftare.

Reinseanlegg har ikkje fungert

Fabrikken installerte for ei tid sidan eit reinseanlegg for å få mindre røyk, det har ikkje fungert, men no vil fabrikken investere endå 30 millionar kroner til for å få det i orden. I tillegg vil dei gjere ei kjempeinvestering for å få ein slutt på støvutsleppa ved råstoffmottaket til fabrikken. Det seier leiar på Årdal Carbon, Odd Steinar Natvik

- Det er ei investering på 187 millionar kroner som er knytt først og fremst til råstofflageret.

Tek sjølvkritikk

Natvik tek sjølvkritikk for at dei ikkje har fått orden på støvutsleppa tidlegare.

- Vi har ikkje problem med å ta sjølvkritikk på slike ting, vi ynskjer sjølvsagt ikkje å tilføre omgjevnadene våre ulemper i form av støv som er eit stort trivselsproblem når det er på det verste. Så vi ser fram til å bli kvitt problemet.