NRK Meny
Normal

Dei greidde berre tangering av rekorden, men meiner dei sette ein annan rekord...

Gunnar Garfors frå Naustdal og to kameratar greidde berre tangering av rekorden då dei på eitt døger var innom 17 land i bil.

Gunnar Garfors og Øystein Djupvik +++

MANGLA EIN HALVTIME: Gunnar Garfors, Tay-young Pak og Øystein djupvik tangerte rekorden på 17 land.

Foto: privat

Artikkelen er flere år gammel.

Målet var å greie 20 land på 24 timar. Med seg hadde han Øystein Djupvik, også han frå Naustdal, og Tay-young Pak frå Oslo.

Mangla ein halv time

Dei starta i Nederland, og i løpet av det følgjande døgeret var dei innom Belgia, Tyskland, Luxemburg, Frankrike, Liechtenstein, Sveits, Austerrike, Italia, Kroatia, Bosnia Hercegovina, Serbia, Montenegro, Albania, Kosovo, Makedonia og Bulgaria.

– Vi mangla ein halv time på land nummer 18, seier Gunnar Garfors. Vi hadde sett oss eit svært ambisiøst mål, vi skulle knuse verdsrekorden. Men vi miste eit fly og tapte tre timar, og det gjorde noko med tidtabellen vår.

For det var ikkje snakk om å køyre samanhengande heile tida. Avstandane gjorde at dei måtte ta fly mellom to av landa. Dei vart også hefta av mykje vegarbeid gjennom Tyskland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Garfors, Øystein Djupvik og ....

STOPP I AUSTERRIKE: Undervegs var det korte stopp, her markerer dei at dei har nådd Austerrike.

Foto: privat

Likevel ein rekord

Likevel hadde dei lenge håp om å greie rekorden.

– Men mot slutten måtte vi stå lenge i kø på grunn av asfalteringsarbeid, og i Kosovo var det veldig dårlege vegar, og då rauk det med 30 minutt.

Men dei kan ha sett ein rekord likevel. Og den var ikkje planlagt: For Øystein Djupvik sat bak rattet heile vegen, i alle dei 17 landa. Dei som har den gjeldande rekorden bytte på å køyre.

– Han køyrde utruleg bra, han arbeider i eit transportselskap i Førde, og er ein erfaren sjåfør. Det var imponerande. Vi hadde ei stø og trygg hand på rattet heile tida. Vi skulle eigentleg dele på køyringa, men det vart slik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Garfors på Twitter

– Eigentleg idiotisk

På ein slik tur er det mykje fint å sjå, men dei hadde ikkje tid til å stanse for å nyte synet.

– Det er eigentleg idiotisk, det har vi meint heile tida. Men vi får ta fleire turar og nyte dei områda vi var gjennom i eit lågare tempo.

Sjølv var Gunnar Garfors kartlesar og var godt nøgd med den oppgåva.

– Eg likar kart. Og fram til Bosnia Hercegovina hadde vi eit «levande kart», slik at folk kunne fylgje med oss. Dei som har den gjeldande rekorden fylgde oss, og vi registerte at dei var litt nervøse for at vi skulle nå 18 land.

Dei fire som har rekorden er to frå Australia, ei frå Sverige og ei frå Nederland.

På storskjerm på pubar

Og det har vore mykje merksemd frå andre, både media, privatpersonar og einskilde arbeidsplassar har fylgt med på reisa.

– Vi har fått rapport om at folk har fylgt oss på storskjerm på arbeidsplassar og pubar, og det har vore veddemål om kor mange land vi ville greie.

Gunnar Garfors har heile tida kommunisert på Twitter og fått mange oppmuntrande meldingar tilbake

– Sjølv om det ikkje er eit idrettsarrangement så har vi føt at vi har hatt støtte i ryggen. Og det varmar.

Og globetrottaren frå Naustdal ser ikkje bort frå at han satsar på nye rekordforsøk dersom han finn eit høveleg mål.

No startar turen heimover. I natt har dei budd på eit hotell i Bulgaria. I dag køyrer dei til Dubrovnik i Kroatia, derifrå blir det fly.

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.