Hopp til innhold

Tande-P krev Tall Ships-film stogga

Fredag møter NRK-kjendis Alf Tande-Petersen Vågsøy kommune til rettsmekling i Førde.

Døsty Cowshit og Alf Tande-Petersen

Arkivfoto av Alf Tande-Petersen.

Foto: HELGE HANSEN / Scanpix

Tande-Petersen, betre kjend som "Tande-P", fekk i sommar beskjed om at han ikkje lenger fekk vere med på ein filmproduksjon om Tall Ships Races i Måløy.

Film stogga eller ein million

"Tande-P" har arbeidd med filmen i fleire år. DVD'en om seglskutefesten er ferdig og lagt ut for sal, utan NRK-kjendisen sitt samtykke. Dette meiner han er eit klart brot på Åndsverklova og krev filmen stogga, eller ein million kroner.

- Utgangspunktet er at Tande-P ynskjer ei forklaring på kvifor han er utestengt frå ferdigstillinga av DVD'en om Tall Ships Races i Måløy, seier advokaten hans, Thomas Rukin.

Gamal strid

Rådmann Ørjan Raknes Forthun i Vågsøy seier han ventar på ei rettsleg avgjerd i saka. Utover det vil verken han eller prosjektleiar for Tall Ships Races, Helge Hjelle, kommentere saka. Rukin hevdar at ein gamal strid mellom Hjelle og Tande-P er årsaka for at kjendisen vart kasta ut av prosjektet.

- Han vart urettmessig ekskludert frå samarbeidet våren 2008 fordi det hadde oppstått konflikt om eit anna prosjekt. Hjelle opererte som privatperson i det andre prosjektet, seier Rukin.

Tande-P har ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar.