Hopp til innhold

Tande-P krev erstatning frå Vågsøy kommune

Tande-P krev Vågsøy kommune for erstatning i samband med Tall Ships Races.

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tande-P skal på oppdrag frå arrangementskomiteen bak Tall Ships races produsere ein dvd om seglskutefesten i Måløy.

Men no har han sendt erstatningskrav på over 600 000 kroner.

Det var før seglskutefesten i Måløy at tv-kjendisen Alf-Tande Petersen inngjekk avtale med Tall Ships Races i Måløy og Vågsøy kommune om å lage ein dvd-film av arrangementet.

Men i samband med oppdraget har han no levert eit erstatningskrav til kommunen.

Vågsøy kommune nektar å offentleggjere innhaldet i brevet, men ut frå ei purring på ei rekning som Tande-P har sendt, kjem det fram at beløpet er 667000 kroner. Det er det Tande-P meiner vil vere han sin andel av salet.

DVD i sal før jul

Tusenvis av menneske var samla i Måløy i eit av dei største arrangementa i fylket nokon gong.

Planen er at ein dvd om festen skal sleppast ut i handelen helst før jul. Målet er at arrangør Vågsøy kommune skal tene på salet.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun i Vågsøy stadfestar at det føreligg ei avtale og at inntektene skal delast med ein tredjepart til kommunen og mellom selskapa Tande-P AS og New image tv-produksjon.

Han vil ikkje gå nærmare inn på kva erstatningskravet handlar om, men seier at kommunen reknar med at avtalen blir halden og at dvden kjem i butikkane.

Etter det NRK kjenner til skal avtalen gå ut på at både inntekter og utgifter skal delast likt mellom partane, men Tande-P krev altså pengar før DVDen i det heile er utgitt.

Det skal no vere full skjering mellom Tande-P og arrangørane av seglskutefesten i Måløy.

Avslutta 20 års samarbeid

Erik Hauan i New Image TV-produksjon sm har gjort filmopptaka vil ikkje kommentere saka, han har brote eit tjue år langt samarbeid med Tande-P og meiner det vert ei for personleg sak.

Men han samarbeidar godt med arrangørane bak TSRM og seier at DVDen vil bli utgitt og at han jobbar med siste hand på verket.

Alf Tande-Pedersen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.