NRK Meny
Normal

Gjerdet skal hindre smitte av frykta sjukdom – men det er ikkje langt nok

Lokka av vegsalt har tamrein kryssa over riksveg 52 og inn i fjellområdet med den frykta og dødelege skrantesjukesmitta. No vurderer Mattilsynet å forlenge det 12 kilometer lange sperregjerdet på Hemsedalsfjellet.

Sperregjerde for å hindre smitte av skrantesjuke på Hemsedalsfjellet

KAN BLI FORLENGA: Sperregjerdet som er sett opp for å hindre at tamrein og villrein blandar seg kan bli forlenga med nokre kilometer før neste vår.

Foto: Andre Høva/Mattilsynet

– Seint i haust har det vore eit problem at tamrein har trekt ned på den salta riksvegen. Saltet verkar som ein magnet på reinen no når dei ikkje lenger får salt i terrenget sidan det er forbode med saltsteinar, seier spesialinspektør Andre Høva i Mattilsynet til NRK.no.

Fleire gonger dei siste vekene har det blitt observert tamrein som har kryssa den salta riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, og trekt inn i det området som blir rekna som smitta av skrantesjuke.

Lokalbladet Aurlendingen har snakka med skrantesjuke-koordinator Lars Nesse i Aurland og Lærdal. Han stadfestar at tamrein har kryssa vegen lenger aust mot Bjøberg, der det førebels ikkje er bygd opp sperregjerde.

– Gjerdet må forlengast i begge retningar, seier Nesse til Aurlendingen.

Tamrein

PÅ JAKT ETTER SALT: Tamreinen blir lokka av den salte vegen og over i området med frykta sjukdom.

Foto: NRK-TIPSAR

Skal skyte ned 2200 rein i vinter

Om kort tid startar den omfattande nedskytinga av heile villreinstammen i Nordfjella. Etter fleire påviste tilfelle av den smittsame skrantesjuka bestemte regjeringa i vår at heile stammen på rundt 2200 dyr skal avlivast i løpet av vinteren.

For å hindre at tamrein som beitar i området på andre sida av vegen skal blande seg med villreinen i det smitta området, vart det i sommar bygd eit 12 kilometer langt sperregjerde.

I haust har det blitt tydeleg at gjerdet ikkje er langt nok. Aurland Fjellstyre dokumentere til dømes 16. oktober at ein flokk på minst 12–15 tamrein hadde kryssa vegen, ifølgje Aurlendingen.

Tamrein har trekt inn i det skrantesjukesmitta området på Hemsedalsfjellet

GÅR OVER PÅ FEIL SIDE: Midt i biletet står ein liten flokk med tamrein som har kryssa vegen og gått over til den sida som er rekna som smitta med skrantesjuke. Bilete er teke måndag 16. oktober.

Foto: Aurland Fjellstyre

Må sperre av området i fem år

Høva i Mattilsynet vedgår at gjerdet er heilt avgjerande for at arbeidet med å hindre smittespreiing av den dødelege skrantesjuka skal lukkast. Når villreinstammen i Nordfjella er utrydda skal området ligge brakk i minst fem år før det skal vere dyr der att.

– Når vi får teke ut villreinstammen i sone 1 i Nordfjella er det veldig viktig at vi ikkje får ny rein inn i området som kan bli smitta.

Tamreinen på nordaustsida av vegen er no flytta på vinterbeite. Men når dei kjem att til våren vil problemet med at dei trekkjer over vegen dukke opp att.

Mattilsynet vil no bruke dei neste månadane på å vurdere om sperregjerdet skal forlengast.

– Vi må sjå på nytteeffekt og kostnad, men det ligg nok veldig i korta at vi må vurdere å få forlenga gjerdet endå nokre kilometer, seier Høva til NRK.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.