Hopp til innhold

I midten av desember kan desse jentene bli historiske

Tambarskjelvar sine volleyballdamer er ein kamp frå å skrive seg inn i historiebøkene. Men siste hinder er serieleiaren i eliteserien.

Tambarskjelvar takkar publikum.

EITT HINDER: Randaberg er siste hinder som Tambarskjelvar-damene må overvinne om dei skal til cupfinalen i volleyball. – Vi kunne vore heldigare, men ein må slå alle for å vinne så vi tek den utfordringa, seier Hilde Elvebakk.

Foto: Jan Normann Erdal

Førde sitt eliteserielag og Blindheim sine 1. divisjonsdamer er ikkje lenger med i NM-cupen takka vere Tambarskjelvar.

Og no står «berre» serieleiaren i eliteserien mellom Tambarskjelvar og eit ellevilt cupeventyr.

– Det hadde sjølvsagt vore utruleg, utruleg kjekt. Vi er med for å ha det gøy, og det hadde vore ekstra kjekt om vi kom så langt, seier Hilde Elvebakk og siktar til det som kan bli ein historisk cupfinale i midten av januar.

Kan bli historiske

NRK utfordra volleyballforbundet til å gå cupresultata noko meir etter i saumane. Dei har kome fram til at naustdalsklubben ikkje er første lag utanfor den nasjonale serien i ein semifinale.

– Men skulle Tambarskjelvar ta seg til finalen, så vil det vere historisk, sa leiar i konkurranseavdelinga, David Cox, før dagens trekning av NM-semifinalane.

Der møter Nyborg Oslo Volley. Tambarskjelvar får altså den suverene eliteserieleiaren frå Rogaland. Helga 12. og 13. desember i Naustdal. Helga etter på bortebane.

– Vi har hatt relativt grei motstand til no, men var uheldige med trekninga. Randaberg blir ei større utfordring og vi er definitivt underdogs samanlikna med dei, seier Elvebakk.

– Det blir tøft

Randaberg leiar eliteserien for kvinner med heile sju poeng på Oslo Volley.

Skal Tambarskjelvar lukkast, må dei temme Arjola Prenga og Jana Jaudzema, eliteseriens største poengsankarar med sine 94 og 88 poeng.

– Det blir tøft. Randaberg er sterke, har mange gode angrepsspelarar og er eit veldig godt mottakslag. Serve er ei av våre sterkaste sider, så vi må håpe på utteljing på det sjølv om Randabeg er eit godt mottakslag, seier Elvebakk.

Taktikk på Facebook

Tambarskjelvar stiller med eitt lag i cupen og eitt lag i 3. divisjon for kvinner. Cuplaget består av fleire tidlegare Tambarskjelvar-spelarar , med erfaring frå eliteserien.

Med bustadadresser i fleire stader i landet, blir fellestreningar ei stor utfordring. Så også før semifinalane i midten av desember.

– Det blir definitivt ei utfordring. Vi får ikkje trena i forkant og må ta taktikksamtalen over facebook eller skype. Så må vi trene godt kvar for oss, seier Elvebakk.

– Så det er ikkje håp om fellestrening?

– No blir vel kampen ein søndag, så vi håpar på fellestrening fredag og laurdag i forkant av semifinalen.