Hopp til innhold

Tambar sikra opprykket

Volleyballjentene til Tambarskjelvar tapte finalen i rankingturneringa, men får likevel tilbod om å rykke opp i Eliteserien.

Illustrasjonsbilde Volleyball
Foto: INA FASSBENDER / REUTERS

Allereie i kvartfinalen feia dei Åsheim, deira argaste konkurrent til opprykket, av bana med 2-1. Deretter tok naustedølingane seg til finalen på bekostning av Dragvoll (2-0).

- Opp til oss

I finalen vart det derimot 0-2 tap for Grim. Sjølv om dei no får tilbod om opprykk, er det uvisst om dei takkar ja. Klubben må bestemme seg innan 1. april.

- Det er uvisst om vi tek opprykk eller ikkje. Det avheng av kor mange spelarar vi har, men det hadde vore kjekt å tatt opprykket, vedgår Kristina Mundal.

Vann serien

Allereie før rankingturneringa var det klart at Tambarskjelvar gjekk sigrande ut av 1. divisjon. Dei var derimot avhengige av poeng frå rankingturneringa i helga.

- Vi var nøydde til å bli betre enn nummer seks, fortel Mundal.