Hopp til innhold

Tambar løftar seg inn i framtida

Mange unge deltok på KM i vektløftning i Naustdal i helga. - Bra for framtida, meiner arrangøren.

Jantsen Øverås

IMPONERTE: Jantsen Øverås imponerte på KM i Naustdal.

Foto: Jørn Helgheim

- Det var mange unge og nye som deltok på KM og det er kjekt å sjå. Vi ser ei fin utvikling med nye som kjem til. Det er svært bra for rekrutteringa, seier Ove Varlid som var med og arrangere kretsmeisterskapen i helga.

Mange unge

Lena Bjørklund

FLEIRE JENTER: Lena Bjørklund er ei av fleire jenter som deltok på KM i Naustdal i helga.

Foto: Jørn Helgheim

Av 20 deltakarar var heile 16 i ungdomsklassa.

Varlid er mest imponert over Jantsen Øverås sine prestasjonar, og meiner han er ein av dei som verkeleg kan gjere det stort i framtida.

- Jantsen luktar på det internasjonale nivået og i helga persa han. Han sette pers både i rykk og støt, med eit kilo i kvar øving, utan noko opplading til stemnet på førehand, seier Varlid.

- Vil nå langt

Øverås deltok i Europameisterskapen for ungdom i august og vart der nummer 12.

- Han vil nok gjere det bra frammover.

Tore Gjøringbø hadde ikkje dagen på laurdag og rauk ut i rykk.

Men også han har imponert tidlegare i år og klarte kvalifiseringskravet til EM for ungdom. Men han klarte det forseint, og fdekk difor ikkje vere med.

Sindre Rørstadbottnen er nok heller ikkje heilt nøgd med 117 i rykk og 150 i støt, men tok dette som ein del av treninga.

Heime med bronkitt

Vebjørn Varlid har fått bronkitt og kunne difor ikkje delta på KM.

Men det er ikkje berre karar som stilte på KM. Tambarskjelvar idrettslag stilte med fire jenter, der to av dei ikkje har delteke før.

- Mange av jentene våre som har vore med ein stund har flytta vekk for å studere og hadde ikkje sjansen til å delta i helga. Men dei fire som var med viste gode prestasjonar.

Fleire lag kjem på bana

Tambarskjelar idrettslag har som kjendt ei lang historie når det gjeld vektløfting. Men også andre klubbar kjem no på bana.

- Vi ser at Breimsbygda og Dale spesielt får det godt til. Det er kjekt, seier Varlid.