Hopp til innhold

Revisorane slaktar Tall Ships Races-arrangementet

Kommunerevisjonen i Nordfjord kjem med knallhard kritikk av Tall Ships Races i Måløy. Helge Hjelle rapporterte mellom anna til seg sjølv.

Tall ships-leiar Helge Hjelle
Foto: Øystein Torheim / NRK

I rapporten frå revisjonen som vart lagt fram i dag, får leiinga i Vågsøy kommune sterk kritikk for måten dei handterte arrangementet på.

Dei skal ikkje ha forstått omfanget av arrangementet, og ikkje hatt gode nok rutinar for å følgje opp budsjettet.

Ufullstendige møtebøker

Lov om offentlege innkjøp er ikkje føgd, og ekstrautgiftene på fleire millionar kroner i samband med Status Quo-konserten er ikkje politisk forankra. Vidare er fleire av møtebøkene ført svært ufullstendig.

Mangla kontroll

Sprekken vart på 15 millionar kroner, men politikarane vart ikkje informert om dette.

Revisor Markvard Sunde meiner det mangla kontroll, og at det ikkje vart informert godt nok om overskridingane.

- Dette var eit heilt ekstraordinært arrangement, og det krev ei heilt anna organisering og merksmed i kommunen. Dette vart det ikkje teke konsekvensen av.

Sleit med å få informasjon

- Kor enkelt har det vore å gjennomføre revisjon av arrangementet?

- I starten var det vanskeleg å få ut informasjon. Rekneskapen burde vore lagt fram tidlegare. Kontrollutvalet burde og fått tidlegare og meir utfyllande svar på spørsmåla sine, seier Sunde, som ikkje har opplevd liknande tidlegare.

Slaktar organiseringa

Revisjonen meiner arrangementet fekk ei uheldig organisering heilt frå starten av, og at måten overskridingane vart budsjetterte på gjorde at kommunestyret ikkje fekk godt nok innsyn i kva som skjedde. Dette gjorde at utgiftsauken i prosjektet, først frå 11 til 20 millionar, og seinare frå 20 til 30 millionar, ikkje vart forankra i det politiske miljøet.

Les òg: Overvurderte besøkstala

Hjelle med mange hattar

Det blir poengtert at prosjektleiar Hjelle har hatt på seg for mange hattar, og at han mellom anna både har vore driftsleiar og koordinator. Hjelle har styrt drift og rapportert til seg sjølv, først til seg sjølv som prosjektansvarleg og vidare frå prosjektansvarleg til hovudkomiteen, der han sjølv var leiar. Prosjektleiar Hjelle la vidare sjølv fram sakene for hovudkomiteen, der han var møteleiar. Han skreiv også møtebøkene i hovudkomiteen.

Trio med stor makt

Vidare blir det karaktrerisert som uheldig at rådmannen og ordføraren var deltakarar i organisasjonskomiteen som seinera skulle rapportere til rådmannen i saker, og som kunne bli sak i kommunestyret der ordføraren var leiar. Trioen Helge Hjelle, ordførar Roger B. Silden og rådmann Ørjan Raknes Forthun drog rett og slett i for mange trådar åleine, utan at resten av det politiske miljøet fekk med seg kva som skjedde.

Har ikkje lese rapporten

Helge Hjelle seier til NRK at han ikkje har lese rapporten enno, og at han difor ikkje ønskjer å kommentere den.