NRK Meny
Normal

Talet klagesaker har nær dobla seg

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane klagar stadig meir på helsetenestene. Klagene går ikkje lenger berre på behandlinga, men også på servicen dei får som pasientar.

Sykehus (Illustrasjonsfoto)

ILLUSTRASJON: Folk i Sogn og Fjordane klagar meir etter å ha vore i kontakt med helsevesenet. Ikkje lenger berre på manglar i behandlinga, men også på kva service dei yter.

Foto: Colourbox

I 2008 fekk Fylkeslegen 68 klager frå folk som hadde fått behandling i helsevesenet i fylket. I år vil truleg talet klager nå 150.

– Vi opplever at talet på tilsynssaker har auka med nesten 100 prosent, seier fungerande fylkeslege Jacob Andersen. (Sjå tabell nedst i saka).

Klagar på dårleg service

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

DOBLING: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen fortel om ei dobling av talet klagesaker sidan 2008.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Andersen og kollegaene har fått stadig meir å gjere dei siste åra. Vi klagar meir, men Andersen ser også ei endring i kva det blir klaga på.

– Eg vil ikkje seie at klagene ikkje er rettkomne, for det er dei fleste klagene. Men frå at ein før berre klaga på behandlinga, klagar ein no også på servicen.

– Til dømes at ein fekk dårleg mat, at ein ikkje vart snakka til på ein omsorgsfull måte, at ambulansen køyrde ein omveg eller at det var kaldt i ambulansen, ramsar Andersen opp.

  • Les også:

Trur årsaka er todelt

Ein del av dei som klager, gjer det via eller ved hjelp av Pasient- og brukarombodet. Lisa Førde Refsnes trur årsaka til klageauken er delt.

Lisa Førde Refsnes

KOMMUNIKASJON: Pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, seier kommunikasjon er eit viktig stikkord i mange av klagene.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det eine er at helsetenestene i dag har større fokus på å orientere om klagerettane, seier ho og held fram.

– Men pasientar og brukarar har også blitt meir bevisste på å melde frå om uheldige hendingar eller klage på pasientrettar dei meiner ikkje er oppfylte.

Dårleg kommunikasjon

Andersen og Førde Refsnes finn også ein annan fellesnemnar i klagene, nemleg dårleg kommunikasjon.

– Eg har sagt det fleire gonger. Om helsevesenet hadde blitt flinkare på kommunikasjon hadde vi truleg halvert talet saker, seier pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes.

– Må ha fokus på kommunikasjon i utdanninga

I Flora kommune tek Ronny Cassells i mot pasientar som både fastlege og sjukeheimslege. Han peikar på at auken i klagesaker har skjedd samtidig som at tal legekonsultasjonar også har auka.

Under utdanninga vart Cassells og studentane filma i møte med pasientar, for å bli betre på nettopp kommunikasjon.

– Det er veldig viktig å halde fast på at utdanninga må vere god, og at ein fokuserer på kommunikasjon og læringa om kommunikasjon, seier Cassells som også er leiar i Legeforeininga i Sogn og Fjordane.

Cassells peikar vidare på at legevaktene er ein plass der legane ofte har dårleg tid, kan ha dårleg tilgang på journalar og at dette er med på å auke risikoen for misforståingar.

Han er difor glad for at krava til legevaktsbemanning no er skjerpa.

– I den grad det er noko å hente så er det på legevakta vi må setje inn alle klutar for å betre stabiliteten og tryggleiken, seier Cassells som meiner kommunane bør ha fokus på dette når dei skal tilsetje legar.

Tal klagesaker frå 2008 til 2015

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

68

69

83

97

87

92

118

*150

(Tala er på klager som gjeld helsehjelp i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Talet for 2015 er det forventa talet på slutten av året, med bakgrunn i kvartalsrapporteringa til no).

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.