NRK Meny
Normal

Desse namna kan du lære deg med det same

Håvard Aarrestad, Sverre Flåskjær og Jarle Fornes. Dette kan bli trioen som gjer Førde til det beste volleyballaget i Norge.

Håvard Aarrestad (f.v.), Sverre Flåskjær og Jarle Fornes

USLIPTE DIAMANTAR: Håvard Aarrestad (f.v.), Sverre Flåskjær og Jarle Fornes markerte seg i kampen mot Koll i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har jo lyst til å vinne heile serien og slå absolutt alle laga, seier ein målretta Jarle Fornes.

– Har lyst å nå toppen

Førde fekk ein pangstart på sesongen med siger over Koll på heimebane i eliteserien. Etter ein sportsleg nedtur i fjor, er det no ny giv i klubben, med mange nye, unge og ambisiøse spelarar.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde i sommar skreiv under for Førde etter nokre år som proffar i Europa, starta det ein dominoeffekt.

Ein etter ein tok talentfulle unggutar kontakt med klubben.

– Vi er ein del unggutar som har lyst til å nå toppen. Det er utruleg fint å ha slike folk rundt meg. Eg har lyst til å spele profesjonelt, og håpar eg kan nå dit ein gong, seier Fornes.

Drøymer om utlandet

Og jamaldringen Sverre Flåskjær er ikkje snauare.

– Eg vil prøve å ta steget ut av Norge og forhåpentlegvis kunne leve av volleyball, men det er ein lang veg å gå, seier han og held fram.

– Det er mykje trening som må til, men kjem det eit tilbod, så reiser eg. Fram til då prøvar eg å utvikle meg i Norge, seier han.

Og skulle det klaffe, vil også lagkamerat Håvard Aarrestad slå følgje.

– Kjem det eit bra tilbod, då vil eg gjerne reise utanlands. Om Førde stiller i europacupen neste år, kan det vere det blir Førde neste år også, seier Aarrestad.

– Det triggar meg også

Dei tre 19-åringane presenterte seg skikkeleg for heimepublikum i seriepremieren i eliteserien. Alle plukka godt med poeng for Førde. Berre eks-proffen Mathias Loftesnes tok fleire.

– Dette er karar som er veldig glade i å spele volleyball. Det er ikkje berre slik på kampane, men på trening også, så det er veldig gøy.

– Eg likar energinivået deira, det triggar meg også, seier han.

«Nye Førde» feia over Koll over i serieopninga i eliteserien.

Imponerte trenaren

No blir det allereie snakka om at Førde kan ha ei handfull landslagsspelarar på gang. I første omgang handlar det om å byggje eit nytt lag.

Trenar Jan Egil Tvinde veit han har uslipte diamantar på laget.

– Vi kan ha Norge sitt beste lag. Vi må klare å prestere godt nok mot dei beste laga, seier trenaren som let seg imponere i kampen mot Koll.

– Det er eit ungt og godt lag. Eg er imponert over at dei greidde leggje att nervane i garderoben. Dei sleppte seg laus, hadde det moro og underheldt publikum.

Unggutane er overtydde om at det blir meir moro framover.

– I år har eg stor tru på at vi kan bli Norge sitt beste lag. Eg håpar vi tek sigeren i både serien og cupen, seier Jarle Fornes.

Førde rustar opp for å ta opp kampen mot Nyborg i eliteserien i volleyball.
Etter to år som utanlandsproff er ein gammal kjenning no tilbake i moderklubben.
Vegopning på Bergum i Førde kommune