Hopp til innhold

Talentfabrikken for skiskyttarane

For fire år sidan var det berre ein skiskyttarelev på skulen, no er talet 17. Ein av dei tok i helga tre VM-gull, og læraren meiner resten kan hevde seg under junior-NM på heimebane.

Idrettselevar ved Stryn vidaregåande skule

TALENT: Johannes Thingnes Bø (f.v.), Mari Sollid Eide, Johane Eirik Meland, Heidi Flo Bødal og Isak Flo Bødal er nokre av idrettselevane ved Stryn vidaregåande skule.

Foto: Ove Sveen, Fjordingen

Faglærar i skiskyting, Rune Åland, er mektig imponert over elevane sine om dagen. Idrettselevane ved Stryn vidaregåande skule sankar nemleg edelt metall i både inn- og utland.

Johannes Thingnes Bø var med då stafettlaget tok gull i junior-VM i skiskyting i Kontiolahti torsdag og følgde opp med to individuelle gull på sprint og jaktstart. Åland er stolt over det han har fått til.

– Han har vore ganske suveren, seier Åland.

Det som gjerne gler han minst like mykje er at også medelevane til verdsmeisteren er på god veg mot toppen. I løpet av sesongen har fleire av dei andre skiskyttarane plassert seg høgt oppe på listene, både under junior-NM og i Norgescupen.

Frå ein til 17 elevar

Rune Åland har sjølv vore aktiv som skiskyttar og har god erfaring av det i jobben som skiskyttarlærar for dei 17 elevane sine på Stryn vidaregåande skule. I løpet av dei siste åra har linja opplevd ein eventyrleg vekst.

Åland fortel at det for berre nokre år sidan knapt var elevar, faktisk berre ein, medan talet no er oppe i 17.

– Tidlegare har vi slite veldig med å få opp interessa for skiskyting på skulen. Dei aller fleste har reist til andre skular, men no har vi fått snudd trenden, seier Åland.

– Vi har fått til eit veldig godt og sterkt miljø, og det synst vi er veldig kjekt, seier han vidare.

Mange om beinet

Åland gler seg stort over at lista over elevar som hevdar seg i toppen er byrja bli lang.

Johannes Thingnes Bø er kanskje den som er mest kjende av de 17 elevane. Veslebroren til Tarjei Bø har etter helgas innsats fleire gull som junior enn det den verdskjende storebroren hadde på same alder. I tillegg har Johan Eirik Meland blitt noregsmeister i klasse 18 år under junior-NM i fellesstart skiskyting i januar.

Heidi Flo Bødal og Jarle Midthjell Gjørven gjekk saman med Meland på laget som tok sølv i mix-stafetten i klasse 17–19 år. Ei anna som har markert seg i toppen er Helene Otterdal som var med på laget som vann bronse i mix-stafetten under junior-NM.

Åland seier skiskytterelevane sidan sommar NM i fjor har plassert seg på pallenmellom 25 og 30 gonger totalt, noko han sjølv meiner er ein sterk prestasjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Eirik Meland

NOREGSMEISTER: Johan Eirik Meland vann NM-gull i klasse 18 år under NM i fellesstart.

Foto: Rune Tryggestad

– Ikkje vits å flytte vekk på skule

Åland seier dei no har klart å få til eit miljø som har fått lokal ungdom til å ha tru på skulen. Tidlegare trudde mange at dei måtte flytte vekk for å få til noko, men no vel stadig fleire å satse på skulen i Stryn, fortel læraren.

– Det skjedde noko for tre år sidan, då Thingnes Bø og den klassen byrja. Vi fekk inn ein god gjeng, som har jobba godt på trening og blitt verkeleg gode. Då andre såg at dei gjorde det så bra, fann dei enkelt og greitt ut at det ikkje var vits å reise ut for å gå på skule, seier Åland.

Og med ein gong folk gjer det bra, smittar det fort over på alle dei andre i miljøet. Etter kvart som det har blitt fleire og fleire som har gjort det bra, har det igjen fått andre til å satse.

Skiskytterlæraren seier interessa for skiskyting ved skulen har blomstra veldig, og meiner også skulen har gjort grep som har fungert godt.

– Vi har hatt ein klar filosofi for korleis dei skal trene og at vi saman kan bli gode. Ved å hjelpe og presse kvarandre på trening, saman med eit godt miljø, er det utruleg kva ein kan få til, seier Åland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø

VM-GULL: Johannes Thingnes Bø henta heim tre gull under junior-VM i helga.

Foto: Vik IL

Møter verdsmeister på trening

Medan storebror Tarjei Bø i si tid flytta til Lillehammer for å gå på toppidrettsgymnaset der, har veslebroren Johannes Thingnes Bø vald å gå på skule heime i Stryn. Mange omtalar han som eit minst like stort talent som storebroren, og seinast i helga viste han kva han var laga av.

Med tre VM-gull er det litt av ein medelev som kjem tilbake til skulen.

– Når folk ser at han klarar det, tenkjer dei at også dei skal kunne klare det. Hadde det derimot ikkje vore nokon som presterte, kunne folk fort mist trua, seier Åland.

– Det er motiverande

Med ein verdsmeister på treninga er det ingen som vil liggje på latsida. Åland meiner det er ein av dei positive ringverknadene av å vere i eit miljø der mange presterer i toppen.

– I forhold til Johannes har dei den aller beste å knive med på trening. Det er inspirerande. Då veit dei at dersom dei klarar å vere i nærleiken av det han presterer, så er dei heilt i toppen, både nasjonalt og internasjonalt, seier Åland.

– Kor kjekt er det for deg som lærar å sjå at miljøet utviklar seg på denne måten?

– Det er motiverande. Det er kjekt at vi har fått til eit prestasjonsmiljø der det er lov å bli god, der folk unner kvarandre suksess.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tung 10 kilometer sløyfe.

HEIMEBANE: Her i skianlegget på Ullsheim i Markane skal det vere junior-NM i skiskyting helga 9. - 11. mars.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Medaljesanking på heimebane

Om halvanna veke er det junior-NM i skianlegget Ullsheim på Markane i Stryn. Med 17 elevar i storform håpar Åland at dei skal levere mange sterke prestasjonar framfor heimepublikumet.

– Eg kan ikkje love noko i form av tal medaljar, men eg trur det skal bli ein del pallplasseringar, seier Åland lurt.

Han er likevel klar på at ungdomane må førebu seg godt fram mot meisterskapen, spesielt fordi mange av dei vil oppleve det som uvant med mykje trykk frå publikum og presse.

– Spesielt fredagen vil det vere mykje trykk. Då blir det spennande å sjå korleis dei taklar situasjonen, med presse og støy. For mange er dette noko heilt anna enn det dei har vore med på av konkurransar tidlegare, seier Åland.

Slik skal dei sikre gullet

Læraren har på ingen måte tenkt å sende elevane i elden utan å gje dei trening på å takle nettopp slike vanskelege situasjonar. På treninga i det siste har han testa ut elevane sine.

– Eg har prøvd å leggje litt ekstra press på dei på treninga for at dei skal måtte jobbe ekstra med det mentale. Det kan vere enkle grep som til dømes å setje på musikk, seier Åland.

På den måten har han distrahert skiskyttarane. Støy, uro og ein situasjon utanom den vanlege treningssituasjonen er nettopp det dei må takle når dei skal kjempe om medaljane under NM.

– Det er viktig at dei gler seg til meisterskapen. Eg seier til dei at dei skal gle seg og ikkje tenkje så mykje på at dei er redde for å dumme seg ut.