Hopp til innhold

Talent-debatten: Meiner Sogndal ikkje lenger har nok tolmod

Florø-trenar Terje Rognsø meiner at Sogndal Fotball ikkje lenger har det naudsynte tolmodet dei treng for å kunne dyrke fram store fotballtalent i fylket.

Terje Rognsø

MEIR DULL: Florø-trenar Terje Rognsø innrømmer at ein dullar meir med unge spelarar enn ein gjorde før.

Foto: TRULS KLEIVEN

Sogndal-trenar Eirik Bakke gjekk i dag ut i Sogn Avis og varsla ei frykt for at det vil vere mangel på gode lokale fotballspelarar i framtida. Han etterlyser dei store talenta som er gode nok for Tippeligaen.

Terje Rognsø, hovudtrenar for Florø Fotball sitt herrelag, er delvis einig med Bakke.

– Me dullar nok meir no enn me gjorde før, men at dette er typisk for Sogn og Fjordane trur eg ikkje noko på, seier Rognsø til NRK

– Meir ressurssterke

Rognsø meiner det ligg fleire årsaker bak manglande lokale spelarar i Sogndal.

– Fotballklubben Sogndal har blitt meir ressurssterke dei siste åra, og klubben er derfor ikkje avhengige av å satse på unge spelarar slik som før. Så det tolmodet som var der tidlegare, kor ein gav unge spelarar tid til å spele seg gode, er nok ikkje der i like stor grad lenger, seier Rognsø.

Han meiner også at steget frå dei lokale klubbane i Sogn og Fjordane til Sogndal og Tippeligafotball er for langt, og at talentutviklinga hadde stått sterkare om fleire klubbar låg høgare opp i divisjonane.

Ein må sette tøffare krav til dei beste unge spelarane, seier Bakke til Sogn Avis.

Avisa skriv i dag at det berre har vore ein lokal spelar frå start i Sogndal sine to siste seriekampar.

Eirik Bakke trening 6. januar 2015

UROLEG: Sogndal-trenar Eirik Bakke er uroleg for mangel på framtidige talent.

Foto: Christian Blom / NRK

– Villige til å ofre alt

Sogndal-trenaren meiner det er viktig å fortelje unge fotballspelarar kva som krevst for å bli gode nok til å spele på toppnivå. Der andre plassar i Noreg har teke fleire steg i riktig retning, føler Bakke at ein heng etter i Sogn og Fjordane.

– Me treng unge spelarar som er villige til å ofre alt for å bli profesjonelle fotballspelarar, dei ser eg for lite av i dag, seier Bakke til NRK.

Til Sogn Avis skuldar også Bakke dei lokale klubbane for å dulle med dei beste unge spelarane, og ikkje sette dei rette krava. Han meiner dette fører til at dei unge talenta trur dei er betre enn dei faktisk er.

Må ikkje bli blenda

Fotballkrinsens spelarutviklar Jan Tore Jåstad seier at det alltid er naturlege svingingar i talet på talent.

Me har hatt tidlegare kull med store profilar, noko som fort blendar oss litt, Seier Jåstad.

Jan Tore Jåstad

SVINGINGAR: Fotballkrinsens spelarutviklar Jan Tore Jåstad meiner det alltid vil vere svingingar i talet på unge talent.

Foto: Stig Høynes

Han refererer til 89-kullet, der ein finn namn som Even Hovland og Per Egil Flo.

Jåstad meiner heilt bestemt at sjølv om dagens kull manglar desse store profilane, vil dette betre seg i framtida. Når det gjeld Bakke sitt utsegn om for mykje dulling av unge spelarar, er Jåstad einig.

– Ein mogleg årsak er at ein har ein foreldregenerasjon som er veldig intenst til stades i ungdommen si utvikling, seier Jåstad