Kvelden sig innover Førde, og på den lokale fotballbana er det fleire som har møtt fram for å trene. Ei gruppe med unge gutar er i full gang med ei øving, der dei er delt inn i ulike lag. Formålet for kvart lag er å halde på ballen innanfor eit avgrensa området som er markert med kjegler.
Det er 2002-kullet som trenar ute på grasmatta. Økta er ei frivillig ekstratrening for dei aller ivrigaste, og blant dei finn vi Mathias Sælen frå Førde. Han er 2003-modell, men har ingen problem med å halde nivået til dei eldre gutane.
– Eg trenar organisert fotball fem gonger i veka, men saman med eigentrening blir det meir, seier Sælen.
Høgare krav
Saman med 17 andre spelarar er Mathias Sælen med på satsingslaget til 2002-årgangen i Førde, der dei antatt beste spelarane frå kullet blir sett saman til eit lag. For spelarane på desse laga blir det sett høgare krav både på og utanfor bana.
– Me må gje alt på kvar trening, og samstundes legge oss tidleg, slik at vi får nok kvile. Me må også ete godt, og til dei riktige tidspunkta, seier Sælen.
- Les også:
– Må kunne takle motgang
Trenaren for satsingslaget Sælen spelar på, Bernt Norevik, forstår kva Sogndal-trenar Eirik Bakke snakkar om.
– Det er klart at dei spelarane som skal opp på seniornivå må vere tøffe i hovudet og må kunne takle motgang. Det er noko me er veldig bevisst på, seier Norevik.
I kveld har han tatt turen ut på treningsfeltet for å leie den frivillige ekstratreninga, men til vanleg trenar han satsingslaget for 02-kullet. Der må ein bli valt ut for å vere med.
– Det er dei spelarane som har kome lengst med tanke på evne, haldning og innsats. Tanken er jo at desse spelarane skal få trene med jamgode spelarar, slik at dei får utvikla seg på best mogleg måte.
Om krava han set til spelarane sine er store nok til å glede Eirik Bakke er ikkje Norevik sikker på, men han understrekar at Førde Fotballklubb er svært opptatt av korleis dei arbeider med talentutviklinga.
– Me er allereie veldig bevisst på dette, og me arbeider heile tida for å bli betre, seier Norevik.