Hopp til innhold

Talar partileiaren midt imot

Fylkespolitikar Tore Storehaug frå KrF likar svært dårleg at partileiar Knut Arild Hareide blandar seg inn i debatten om Vestlandsregionen.

Tore Storehaug på talarstolen

KRITISK: Tore Storehaug frå Askvoll er kritisk til sin eigen partileiar, og meiner at han ikkje skal blande seg inn i debatten som no går i dei tre vestlandsfylka

Foto: privat

– Eg blir så oppgitt over stortingspolitikarar som kjem og blandar seg i debatten vi har her i fylket, seier Tore Storehaug.

Storehaug er fyrste vara til fylkestinget og tidlegare nestleiar i KrFU. Om dagen blir han av fleire nemnt som ein heit kandidat til førsteplassen på stortingsvallista til KrF i valet neste haust.

Han likar dårleg at Knut Arild Hareide på onsdag gjekk ut og åtvara fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane mot å røyste nei til det nye storfylket.

Les også: Opnar for tvangsekteskap på Vestlandet

Trur ikkje det nyttar med tvang

– Om han verkeleg er så oppteken av at Sogn og Fjordane skal gå inn i eit storfylke, så må han syne oss at det lønar seg. Han må syne oss kva KrF kan gje oss av statlege arbeidsplassar og av nye oppgåver, ikkje berre true med tvang.

Knut Arild Hareide

SOGN OG FJORDANE BLIR FOR LITE: Knut Arild Hareide kom med klar tale på onsdag. Han tykkjer Sogn og Fjordane er for lite til å halde fram som eige fylke.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Storehaug seier at KrF har ei nøkkelrolle i Stortinget, og han skulle ønskje at Hareide var meir interessert i å bruke den rolla aktivt.

Les også: Alt du treng å vite om Vestlandsregionen.

– Det som er utfordrande for oss her i Sogn og Fjordane er å ha nok kompetansearbeidsplassar, og der er det jo Knut Arild som sit på nøkkelen. Han kan presse regjeringa til å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo, og han burde heller konsentrere seg om det.

Må stille krav om oppgåver og arbeidsplassar

Hareide har sagt at Stortinget vil ha ti regionar, og at Sogn og Fjordane då blir for lite, men Storehaug tykkjer partileiaren går litt for fort i svingane.

– Når Stortinget vedtok at dei ville ha om lag ti regionar, så var jo det for å flytte statlege oppgåver og arbeidsplassar ut i distrikta, eg skulle ønske stortingspolitikarane kunne haldt fram denne intensjonen, i staden for å blande seg inn i vår debatt.

KrF-spiren tykkjer avtalen dei tre fylkesordførarane vart samde om er god, men han seier at Stortinget må kome på bana med meir om han skal omfamne eit storfylke.

– Eg er i utgangspunktet positiv til regionreforma, men eg vil ikkje ha noko storfylke utan fleire statlege arbeidsplassar og utflytting av fleire oppgåver som det nye storfylket kan ta hand om.