Tala som kosta orkanofra millionar kan vere feil

Staten nekta Rolf Vingelven og 44 andre erstatning. Denne veka tapte staten så det svei i retten. No slår også Havforskingsinstituttet tvil om tala som sparte staten for millionar, men som sende andre ut i fortviling.

Trond Lødøen og Rolf Vingelven

FORTVILA: Rolf Vingelven saman med støttespelaren Trond Lødøen frå UIB. Vingelven ligg i Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Orkanen Tor i januar 2016 er den kraftigaste målt i Norge.

Bølgjene knuste kaier og moloar, men alle dei 45 som søkte om erstatning fekk avslag frå Naturskadefondet.

Kartverket målte nemleg nokre få centimeter under lovkravet til stormflo.

Tapte 1 million kroner

No er det tvil om staten har rett. For Rolf Vingelven handlar det om 1 million kroner.

Vingelven manglar seks centimeter på kravet, men målaren som Kartverket nyttar er i Måløy mange kilometer borte.

Oseanograf ved Havforskingsinstituttet, Lars Asplin, har nytta datamodellar til å analysere. Han meiner floa kan ha vore 10 centimeter høgare i Vingelven:

– Inne i fjordendar og tronge sund kan det vere ganske mykje høgare vasstand. Truleg var det høgare vasstand i Vingelven enn i Måløy under orkanen Tor, seier Asplin.

Modell av vasstand i Ytre Nordfjord

MODELLEN: Kartet syner Måløy og Vingelven i Ytre Nordfjord ein dag i 2012. Målaren som Kartverket nyttar når dei målar vasstanden i Måløy.

Foto: Skjermdump / IMR

Vann i retten

Sølve Kvellestad og Sissel Kvellestad Jensen

SIGRA OVER STATEN: Sølve Kvellestad og dottera Sissel Kvellestad Jensen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Denne veka kom domen i ei liknande sak. Der tapte staten så det svei. Retten festa ikkje lit til at målingar gjort i Måløy representerer vasstanden i Naustdal i Førdefjorden.

Familien Kvellestad kan dermed få 500 000 kroner, men Naturskadeordninga kan anke.

Meiner det trengst meir nøyaktig data

For å finne vasstanden studerer Naturskadeordninga data frå Kartverket.

For heile Sogn og Fjordane og Hordaland er målarane i Bergen og Måløy.

– Sjølv over korte avstandar får ein store skilnadar i vasstand. Det blir feil å vurdere vasstand over store område frå eit enkelt målepunkt. Ein bør kombinere målingar og modellar. Er det tvil kan ein gjere tilleggsmålingar, seier Asplin.

Modell differanse vasstand

SKILNAD: Grafikken syner skilnad i vasstand mellom Måløy og Vingelven 28–31. januar 2016.

Foto: Skjermdump IMR

Asplin understrekar at modellen ikkje er fasit, men at den syner ei usikkerheit i dagens metodar.

Treng ikkje å utløyse erstatning

Oseanograf i Kartverket, Aksel Voldsund, har studert modellen saman med Meteorologisk institutt. Dei meiner den ikkje gir grunn til å slå fast at vasstanden var 10 cm høgare, men det kan ikkje utelukkast.

– Alle modellar har sine veikskapar, seier Voldsund.

Kartverket seier at om vasstanden i Vingelven faktisk er gjennomgåande høgare, vil dette også føre til at vasstanden som er erstatningsutløysande blir høgare.

– Dagens metodar og datagrunnlag er ikkje gode nok til å bestemme lokale variasjonar på korleis vêret påverkar vasstanden. Det er situasjonen i Norge i dag, seier Voldsund.

– Tvilen bør kome folk til gode

Arkeolog Trond Lødøen ved Universitetet i Bergen har etterspurt tala. Han føl saka tett sidan Vingelven også er nærmaste kai til helleristingane i området.

Han meiner Rolf Vingelven burde få erstatning.

– Det er merkeleg at tvilen ikkje kjem folk til gode når fagfolk har ulike syn, seier Lødøen.

Rolf Vingelven

OVERRASKA: Sjøen under Orkanen Tor var den verste Rolf Vingelven har opplevd.

Foto: Jørgen Eide / NRK