NRK Meny

Tal på det jamne for Harpefossen

Harpefossen skisenter registrerte totalt 3700 gjester i skiheisane i påska. I tillegg kjem alle som har brukt turløypene, gått fotturar eller besøkt kafeane. Totalt omsette skisenteret for kring 750.000 kroner. – Vi seier oss nøgde med besøkstal og omsetnad, sjølv om vi hadde større forventningar sidan påska kom så tidlig og snøforholda var svært gode, seier Jarle Åsebø ved skisenteret.

Påska på Harpefossen
Foto: Siri Lund / Harpefossen