Hopp til innhold

Tal frå politiet syner at dei hindrar ulukker og bot – men regjeringa vil ikkje ha dei

Nye tal syner at folk køyrer saktare når det blir gjort strekningsmålingar. Likevel vil ikkje regjeringa byggje ut fleire.

Gjennomsnittsmåling i Lærdalstunnelen

LÆRDALSTUNNELEN: I denne tunnelen er det gjennomsnittsmåling.

Foto: Jon A. Lien / Statens vegvesen

– Eg vil ikkje svare på kvifor regjeringa vil avgrense ei måling som verkar for si hensikt, seier politioverbetjent Ola Aksel Berg i Vest politidistrikt.

Tal som politiet har gitt ut frå i 2019 er klar i si tale: Fartsmålingar som går på gjennomsnittshastigheit gir langt færre bot, enn fotoboksar gjer.

I tillegg syner tal frå Transportøkonomisk institutt (TØI) at talet på drepne går ned med om lag 50 prosent der det er snittmåling. Færre blir også skada.

Likevel vil ikkje regjeringa satse på gjennomsnittsmålingar.

– Eg håpar dei snur, seier Berg.

Store kontrastar

Det var Nettavisen som først omtalte saka som syner ei oversikt førelegg som er sendt ut for forskjellige fotoboksar rundt om i landet.

I Naustdaltunnelen på rv. 5 mellom Førde og Florø måtte folk til saman betale inn over ein million kroner i førelegg i fjor, medan Fodnestunnelen i Lærdal drog inn rundt 1,5 millionar. Ingen av desse tunnelane har strekningsmåling.

I den sterkt trafikkerte Lærdalstunnelen på E16, der bilistane sin fart blir gjennomsnittsmålt, måtte bilistane ut med omlag 356.000 kr på grunn av høg fart.

– Strekningsmålingar gjer at folk tenker meir over farten som gjeld og senkar den deretter. Det er mykje meir effektivt enn å setje opp ei måling på eit punkt, seier Berg.

Han meiner at gjennomsnittsmålingane gjer at bilistar vert meir bevisste rundt hastigheiten sin, og at det difor bidrar effektivt til å sikre norske vegar.

– Heilt klart. Folk held farta nede, og ulukker går ned også, seier Berg.

Andre prioriteringar

Frp har stilt seg svært kritisk til bruken av fotoboksar i Noreg. I fjor haust stoppa dei bruken av fire trekningsmålingar som nettopp var ferdigstilte.

Nestleiar i transport- og kommunikasjonskommitèen, Morten Stordalen (Frp), er ikkje imponert over uttalalsane til Berg.

– Sjølv om politiet er opptatt av kor mykje bøter ein får inn, så er ikkje dette eit mål for Frp.

Han meiner at det store problemet er at fartsmålingar vert sett opp ukritisk på stader det ikkje har nokon reell nytte.

– Det er plassar i landet der det er settt opp, trass i at det er lite trafikk der. Me vil det skal vere på vegar der me veit ulukker har skjedd og kan skje, seier han.

Men er det ikkje verdt å ha strekningsmåling i staden for vanleg fotoboks fleire stader når det hindrar ulukker og råkøyring?

– Der er me ueinige. Ein skal ikkje setje berre for noko me trur. Om det har vore mykje ulukker så seier me ja til det, men då skal det vere beviseleg at det er ein fare, seier han.