Strynetrenar Dagmund Evebø, som er utestengt etter det raude kortet på Briskeby førre helg, får ikkje kommunisere med laget, men har slagplanen klar.
- Det er viktig at vi er budde på det meste. Som publikummar kan ein både rope og gjere andre ting. Kvar grensene går veit eg ikkje, men vi skal halde oss til den straffa vi har fått, seier han.
Må finne balansen
Dei taktiske disposisjonane kan bli avgjerande i opprykkskampen til 2. divisjon laurdag. Stryn tapte 1-0 på Briskeby og må både skåre og halde tett bakover i returoppgjeret.
- Eg trur at denne kampen blir vanskelegare enn kampen sist helg. Vi må finne ein god nok balanse mellom det å angripe og det å forsvare seg. Samstundes er nok Ham-Kam betre budde enn det dei var sist, seier han.
- Eit godt lag
Og Ham Kam er nok budd, sjølv om hedemarkingane ikkje fekk spesiell ny lærdom etter oppgjeret førre helg, seier trenar Kai Kristiansen.
- Stryn er eit betre lag enn dei vi har møtt i seriespelet i år. Vi vart ikkje overraska over det Stryn gjorde, det er eit godt lag, seier han.
Om dei taktiske disposisjonane held Ham Kam trenaren korta tett til brystet.
- Vi leiar 1-0 etter første kampen, og vi skal spele fornuftig ut frå det, seier han.
David mot Goliat
I Stryn er det høg temperatur før møtet med gjestane frå eliteserieklubben, og ein svært tent Dagmund Evebø håpar på støtte frå heile fjordfylket til oppgjeret han betraktar som ein kamp mellom David og Goliat.
- Dette blir på ein måte ein kamp mellom Sogn og Fjordane og Ham-Kam. Vi er gira på å ta dei ufrå det at Ham-Kam klarer å påverke det meste, til dømes når det gjeld kamparena. Så det viser kven som er store i norsk fotball og kven som er små, meiner Evebø.