Hopp til innhold

Takkar trea og sekken for at han framleis lever

AURLAND (NRK): Gleda var stor då Jakub Podkowinski kunne halde kona si i armane igjen, etter ein svært dramatisk fjelltur.

Den sakna turgåaren i Aurland vart funnen i god form og vart gjenforeint med kona.

ENDA GODT: Jakub Podkowinski berga så vidt livet under ein svært dramatisk fjelltur. Sterke kjensler var i sving både under og etter redningsaksjonen. (Foto/redigering: Halvor Farsund Storvik)

Store styrker leitte etter Jakub Podkowinski frå søndag morgon til han vart funnen på ettermiddagen. Då hadde han vore i fjellet i over eitt døgn.

Planen var å gå frå Flåm til Gudvangen, men undervegs gjekk han feil og hamna i svært bratt fjellterreng.

– Eg gjekk opp og ned fleire gonger for å prøve å finne ein sti, men eg klarte det ikkje, fortel polakken.

Trudde han skulle døy

Samstundes starta kona å bli skikkeleg uroa. Magdalena Podkowinska fekk ikkje tak i han, for Jakub hadde mista telefonen. Ho bestemte seg for å vente med å ringe politiet til morgonen.

– Eg var veldig redd, men eg håpte at han ville klare å komme seg ned på eiga hand.

Leiteaksjon Aurland

LEITTE LENGE: Redningsmannskap leitte i fjella etter den polske turisten frå tidleg morgon til langt ut på ettermiddagen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I dei strevande forsøka på å finne vegen ned, fall Jakub fleire gonger. Trass i at mørket var stummande rundt han, heldt han fram med å forsøke. Men då kom det siste og største fallet. Dette er enden, tenkte han då.

– Eg veit ikkje kor mange meter eg fall, men då eg landa på ryggsekken, var det med eit så sterkt trykk at eg kunne ikkje puste. Det var smerte i ryggen, men ingenting var brekt, fortel han med skjelven stemme.

Landa på eit tre – måtte vente på hjelp

Han landa på eit tre, og han er sikker på at treet og ryggsekken redda livet hans. Men medan han låg der, mellom trea og fjellveggen, skjønte han at han måtte bli der til hjelpa kom.

– Det var faktisk ikkje så ille, for då regna det ikkje og det var ikkje så kaldt. Eg var full av adrenalin og eg hadde eit regntrekk som eg dekka meg med. Eg trudde det skulle bli mykje verre. Det var fin himmel, seier han med ein skjelven latter.

Funnen i live etter leiteaksjon i Aurland

LETTA OVER Å VERE SAMAN IGJEN: Ein tur på sjukehuset med ei skadd hand og ryggsmerter vart konsekvensen av dramatikken i fjellet, men Jakub Podkowinski og Magdalena Podkowinska veit godt at ting kunne gått langt verre. Her er dei på Røde Kors-bygget i Aurland, like etter at Jakub har blitt redda.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tidleg neste morgon hadde Magdalena kontakta politiet, som sette redningsapparatet i gang.

– Den første gongen eg såg dei kom helikopteret veldig tett, men dei såg ikkje meg. Dei flaug fram og tilbake fleire gonger, men så kom dei. Då var eg veldig glad for å sjå dei.

Tårevåt gjenforeining

Leiteaksjon i Aurland 20.09.15

UVISSE: Her på Røde Kors-bygget i Aurland måtte folk frå redningskorpset og kona til den sakna, vente i uvisse.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Med blåmerker på hendene og smerter i ryggen, sliten og prega av situasjonen, vart han frakta til Røde Kors-bygget i Aurland, der kona var saman med folk frå redningskorpset.

– Det var heilt forferdeleg å vente og ikkje vite. Det var den verste natta og dagen i heile mitt liv, fortel ho.

– Eg er veldig heldig som står her, seier Jakub.

– Kva trur du ville skjedd om du hadde falle lenger?

– «Just smash», seier han med låg stemme.