Hopp til innhold

For åleinepappa Bernt vart sommar-idrettsskulen redninga

Bernt Kjøsnes er åleinepappa til to gutar på 9 og 12 år. For han er sommaridrettsskulen redninga. For sjølv om borna har skuleferie, er det lenge til pappa har fri.

Bernt Kjøsnes

BURDE VORE FLEIRE: Bernt Kjøsnes hadde gjerne sett at alle kommunar hadde eit liknande tilbod. Det er ikkje gitt at ein har besteforeldre som kan stå på pinne når kvardagen ikkje går i hop. I bakgrunnen er ei av gruppene på sommaridrettsskulen i full gang med aktivitetar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

For tredje år på rad er gutane til Kjøsnes med på sommaridrettsskulen i FØrde.

– Eg har dei der fordi dei har vore med der før, og tykkjer det er veldig kjekt. Dei får vere fysisk aktive, og dei tykkjer det er kjekt med ungdommane som har idrettsskulen, seier Kjøsnes, som kjem frå Vassenden i Jølster.

Mange klør seg i hovudet

I slutten av juni spring skuleborna jublande ut skuleporten, i lukkerus over sju-åtte veker fri frå skulen.

Samtidig klør foreldre over heile landet seg fortvila i hovudet. For dei fleste foreldre har berre fire veker ferie. Det gir tre til fire veker der ein må finne løysingar for barnepass av borna.

For det er nemleg ikkje alle foreldre som har besteforeldre som står klare til å hoppe inn som barnevakt når sommarferien i skulen ikkje passar i hop med sommarferien til foreldra.

Har ein barn som er eldre enn 4. klasse, kan ein heller ikkje nytte seg av sommar-SFO.

I Førde arrangerer Førde idrettslag sommaridrettsskule dei to første vekene etter skuleslutt. Tilbodet er for alle barn mellom 1. og 5. klasse. I år er over 200 born påmelde.

Hadde vorte eit lappeteppe

Kjøsnes fortel at borna hans gler seg til å vere med på aktivitetar, og at dei har ein variert kvardag.

– I tillegg får dei vere i lag. Den eine kunne vore på SFO, men den andre er for gammal til det. Ved å velje sommaridrettsskulen, får dei bruke tid i lag også, seier Kjøsnes.

Han torer ikkje tenkje på korleis han skulle fått kabalen til å gå opp utan idrettsskulen.

– Det hadde vorte eit veldig lappeteppe for å få det til å gå opp med barnepass. Eg måtte ha spurt venner, kjende og familie for å få passa dei den stunda eg er på jobb, seier Kjøsnes.

Han tykkjer det er viktig som åleineforelder å sleppe å heile tida måtte spørje om hjelp til barnepass.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

UTFORDRINGAR: Borna får utfalde seg på mange måtar på sommaridrettsskulen. Foto: Eli Eikenæs Vengen

Ikkje alle har besteforeldre

Medan mange nyttar seg av velviljen til besteforeldre, er det slett ikkje alle som har besteforeldra rett rundt nova. Det er slett ikkje alle besteforeldre som har ferie eller fri sjølve til å stille opp til barnepass.

Det er heller ikkje sjølvsagt at alle lenger har besteforeldre.

– Eg er i den situasjonen at eg har mista begge foreldra mine sjølv, og eg har svigerforeldre som bur langt vekk. Dei stiller opp når dei kan, men det er veldig godt å ha eit slikt tilbod når ein ikkje har besteforeldre ein kan spørje. Og at ungane har det kjekt når dei skal ha ferie og ikkje har moglegheit til å vere åleine heime, seier Kjøsnes.

Han jobbar sjølv i Førde, og det byr difor ikkje på problem å ta med seg ungane dit på sommaridrettsskule. Eit liknande tilbod finst ikkje i Jølster, der han bur.

– Det einaste eg veit om der, er SFO, og det gjeld berre opp til 4. klasse. For dei som er eldre enn det, er det ikkje tilbod, seier Kjøsnes.

Han trur det hadde vore behov for sommaridrettsskule, også i andre kommunar.

– Ja, det trur eg. Vi er jo så heldige at eg jobbar i Førde, så då vert det ikkje noko ekstra køyring for min del. Ein burde tenkt på dette i andre kommunar også, seier Kjøsnes.

Kunne hatt over 100 fleire ungar

Tor Emil Gjøringbø er ansvarleg for sommaridrettsskulen i Førde, og fortel at pågangen har vore enorm. For å sikre kvalitet og tryggleik, sette dei i år eit tak på 200 born. Hadde dei teke inn alle som ønskte å vere med, hadde talet komme godt over 300, slik som det gjorde i fjor.

– I år måtte vi setje eit øvre tak på 200 deltakarar. Det er fordi vi best mogleg skal klare å vareta tryggleiken til borna som er med, seier Gjøringbø.

Han peikar på at det også heng saman med å få tak i nok kompetente instruktørar.

– Å setje meir enn 20 born i aktivitet, har vi tidlegare erfart er utfordrande, seier Gjøringbø.

Sjølv har han vore med som instruktør dei tre siste åra, og fortel at bornas idrettsglede er ein av tinga som driv han.

– Det er veldig mange som får meistringskjensle, og som får eit aktivt og fysisk tilbod. Det er vel det som driv oss, seier Gjøringbø.

Brukar gjerne ferien på born

Borna får prøve seg på ei mengd aktivitetar, og det er fleire aktivitetar kvar einaste dag, slik at alle skal få gjere noko som dei likar.

– Vi har turn, frisbeegolf, bading, bowling, mange typar ballidrettar, dans og orientering, samt nokon aktivitetar i fjellheimen, seier Gjøringbø.

Mange av instruktørane på sommaridrettsskulen er aktive idrettsutøvarar sjølve, medan andre er lærarstudentar.

Gjøringbø meiner det er viktig med eit slikt tilbod for born sommartid.

– Born sit meir og meir i ro, så at ein har eit tilbod der aktivitet står i fokus og at ein knyter glede opp mot aktivitet, tykkjer vi er viktig, seier Gjøringbø.

Han tykkjer det er heilt fint å bruke litt av ferien på å lage til eit tilbod for born.

– Det er tipp topp, tommel opp. Skal det finnast eit levande og godt tilbod, så må ein del folk bruke litt tid på det, seier Gjøringbø.