Hopp til innhold

Takkar Solskjær for trenartillit

Ein alvorleg kneskade tvinga Børre Steenslid til å legge fotballskoa på hylla. No satsar 29-åringen på ein karriere som trenar.

Børre Steenslid

NY FOTBALLKVARDAG: Børre Steenslid stortrivst som ein del av serieleiar Molde sitt trenarteam.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det fungerer overraskande bra. Eg la skoa på hylla i fjor, og fekk høve til å gå inn i trenarteamet med Ole Gunnar og resten av gjengen. Eg lærte mykje på kort tid, seier Steenslid til NRK.no.

Børre Steenslid

MOLDE: Takka vere skader fekk Børre Steenslid på langt nær så mange kampar som han hadde tenkt i Molde-trøya.

Foto: Djorovic, Aleksandar / SCANPIX / NTB scanpix

Han skulle gjerne ha halde fram som spelar, men ein langvarig skade ville det annleis. Kvardagen er likevel fylt med fotball.

Fekk tilbod

Då tidlegare Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær gav han tilbod om plass i trenarapparatet, var han ikkje sein om å takka ja.

– Eg fekk tilbod om å ta over rolla som fysisk trenar i Molde frå 1.1. i år. Det har gått veldig bra. Vi har eit fantastisk team som har gjort ein utmerkt jobb. Det viser att ute på bana. Så det er veldig artig, seier Steenslid som frå trenarbenken såg eliteserieleiaren slå Florø ut av cupen tysdag denne veka.

Viking betalte Sogndal 7 millionar

Nordfjordingen kom til Sogndal frå vesle Skavøypoll i dåverande 3. divisjon i 2004, og markerte seg raskt på midtstopparplass.

Ole Gunnar Solskjær

TILLIT: Tidlegare Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær henta Børre Steenslid frå Viking til Molde. Då skade hindra vidare spel, vart Steenslid ein del av trenarteamet, før Solskjær sjølv gjekk til Cardiff i Wales.

Foto: Scott Heppell / Ap

I 2007 bladde Viking opp om lag 7 millionar kroner for den då 22 år gamle fotballspelaren frå Degnepoll i Vågsøy. Før 2011-sesongen var det eit noko motvillig Stavanger-lag som etter tingingar let Steenslid gå til Molde for mellom 2,5 og 3 millionar kroner.

Men den tidlegare U19 og U21-landslagsspelaren vart langtidsskadd under sesongoppkøyringa i Spania, og fekk ikkje sin debut for Molde før mot Sandefjord i august 2012. Etter å ha slite med kneskade annonserte Steenslid 1. oktober 2013 at han la opp som aktiv fotballspelar.

– Vil lære mest mogleg

Børre Steenslid i kmap med Thorstein Helstad, Brann. Arkivfoto.

VIKING: Børre Steenslid i duell mot Thorstein Helstad i eit oppgjer mellom Brann og Viking.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

No vil 29-åringen utvikle seg som trenar som ein del teamet rundt Molde-trenar Tor Ole Skullerud. Førebels har han ingen hast med å bli hovudtrenar, men vedgår at det er draumen.

– På kort sikt er eg berre ute etter å lære mest mogleg innan fysisk trening og sjølvsagt i trenarutdanning. Vi får sjå kva framtida bringar, men det er heilt klart noko eg er veldig interessert i.