Hopp til innhold

– Bjørn Lødemel set partiet framfor seg sjølv

SKEI (NRK): Bjørn Lødemel valde å ikkje møte partifellane etter nederlaget. Men han blir grundig takka for at han trekte seg.

Frida Melvær og Vidar Grønnevik

TAKKAR: Både Frida Melvær og fylkesleiar Vidar Grønnevik rosar Bjørn Lødemel for at han valte å trekkje seg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– I denne saka har han absolutt sett partiet framfor seg sjølv. Eg tar av meg hatten for at han valte å gjere det. Det gjer det enklare for oss i partiorganisasjonen.

Bjørn Lødemel

BLEI HEIME: Bjørn Lødemel valte å droppe nominasjonsmøtet på Skei, etter at han trekte seg fredags kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det seier fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre.

Han fekk beskjeden samtidig med resten av fylkeslaget i går kveld om at Bjørn Lødemel ikkje stiller til attval som stortingsrepresentant. Hovudpersonen har valt å droppe nominasjonsmøtet, og blir verande heime i Hornindal.

I dag skulle kampen stått mellom Lødemel og Askvoll-ordførar Frida Melvær. Ho sigla opp som ein favoritt blant mange av lokallaga. Medan mange inntok fredags-tacoen framfor gullrekkja på NRK1, sat Lødemel heime i Hornindal og fintalde delegatar og støttespelarar.

Frida Melvær

KANDIDAT: Frida Melvær står utan motkandidat til fyrsteplassen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Blanda kjensler

Den nådelause matematikken synte at han ikkje hadde nok støtte.

– Eg forstår at han trekk seg. Og har stor respekt for det.

Det seier motkandidaten Frida Melvær til NRK idet ho kjem til nominasjonsmøtet på Thon Skei hotell.

– Vil du seie at han set partiet framfor seg sjølv?

– Ja, det vil eg. Og det syner også litt av mannen Bjørn Lødemel.

– Kva tenkjer du om at det er du som sender han ut av Stortinget?

– Då eg leste i går at han trekk seg, skreiv eg til han at eg hadde blanda kjensler om det. Eg set enormt pris på Bjørn Lødemel og den jobben han har gjort i Stortinget.

Sjølvkritikk frå støttespelar

Noralv Distad

SKUFFA STØTTESPELAR: Fylkesgruppeleiar Noralv Distad hadde håpa Bjørn Lødemel skulle bli renominert.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Inne i salen møter vi dei som er opent skuffa. Blant dei er fylkesgruppeleiar og ordførar i Aurland, Noralv Distad.

– Eg er litt lei meg for det. Eg hadde håpa han skulle bli renominert. Han har gjort ein formidabel jobb, og har vore ein gode støttespelar for meg både som fylkesgruppeleiar og ordførar.

– Det står stor respekt av at han vel å trekkje seg.

– Kvifor har ikkje han større støtte i lokallaga?

– Det har ikkje kome tilstrekkeleg fram den jobben han har gjort som døropnar for fylket inn mot regjering og Storting. Dette er kanskje ikkje det mest synlege.

– Er det dermed også ditt og dykkar ansvar at de ikkje har skrytt nok av Lødemel innanfor partiet?

– Ja, det er kanskje ein rett observasjon. Eg hadde trudd han skulle lukkast med renominasjon. Sett i ettertid skulle vi i større grad profilert han utad. Eg trur han i historias lys vil stå seg som ein veldig god representant for Sogn og Fjordane og for Høgre.

– Kva tenkjer du om at det er Frida Melvær som skal erstatte han?

– Det er veldig godt val. Eg kjenner henne godt som ordførar- og fylkestingskollega. Ho vil ta seg av heile fylket, og gjere ein kjempejobb.

Nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane Høgre

NOMINASJON: 67 delegatar frå alle delar i fylket er samla for å peike ut stortingslista.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK