NRK Meny
Normal

Takkar ja til å ta over for Sanden

Knut O. Aarethun har sagt ja til å ta over som leiar i Lærdal Arbeidarparti.

Knut O. Aarethun
Foto: Arne Eithun / NRK

Dette stadfestar den tidlegare fylkesordføraren og ordføraren i Lærdal sjølv. Svært få eller ingen ønskjer at omstridde Arne Sanden skal halde fram som leiar. Dette blir stadfesta av fleire uavhengige kjelder.

På førespurnad frå valnemnda

Og den som kan kome til å ta over er den tidlegare fylkesordføraren og ordførar i Lærdal, Knut O. Aarethun.

– Eg stadfestar at eg på førespurnad frå valnemnda har sagt ja til å ta på meg leiarvervet, seier han.

Bråket rundt ordførar Arne Sanden blir sett på som svært øydeleggjande for lokalpartiet, og Aarethun blir sett på som ein av dei som vil vere tøff nok til å greie å rydde opp.

Ikkje sikkert

Men det er ikkje sikkert at Aarethun blir den nye leiaren. For NRK får også stadfesta at ein annan person har sagt ja til å ta på seg leiarvervet.

Arne Sanden har så langt ikkje gjeve beskjed om han ønskjer attval som lokallagsleiar.

Årsmøtet i Lærdal Arbeidarparti skal haldast den 8. februar. Arne Sanden ønskjer ikkje å kommentere saka

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.