NRK Meny
Normal

Takkar Idol for at ho kan feire 10 år som artist

Tone Damli har no 10 år bak seg som artist, på både godt og vondt.

Tone Damli julelutt

LANG REISE: Tone Damli har vore med på enormt mykje sidan karriera fekk ein brå start etter deltakinga i Idol. Her er ho på NRK Julelutt.

Foto: Christian Blom

Det heile starta i 2005, då ho kom på andreplass i songkonkurransen Idol på TV2.

– For meg har Idol betydd absolutt alt. Det er umogleg å seie kor eg hadde vore utan Idol. Høgst truleg hadde eg ikkje vore her eg er, så eg er veldig glad for at eg melde meg på, seier Damli.

Har lært seg å tole mykje

Sidan den gongen har ho vore midt i rampelyset og ho har blant anna gjeve ut fleire plater, stått på scena omtrent overalt og hatt tallause medieoppslag. Det verkar glamorøst og flott, men kjendislivet har også sine tøffe sider, som ho skriv om på bloggen sin:

«Det er ikkje til å stikke under ein stol at medaljen har nokre baksider. Aldri før har eg kjend på eit så stort press, ein så stor merksemd og så mange meiningar. Ikkje alltid har dette vore like lett. Eg har felt mine tårer, angra på utsegn, gøymd meg under dyna og stengt meg inne.»

– Ein skal tole mykje i denne bransjen. Det har vore periodar som har vore tøffare enn andre, men jamt over har det vore fine år, seier Damli til NRK, som etter kvart har blitt meir og meir hardhuda.

– Eg har lært meg å tole mykje. Grunnen til det er jo også at eg har gode folk rundt meg som gir meg ein god klem når eg treng det, for av og til er det naudsynt.

Vil ikkje vere annan plass enn på bakken

Damli ser på seg sjølv som ein artist som har beina godt planta på jorda. Det klarar ho nettopp fordi ho er bevisst på å klare det, seier sogningen.

– Eg vil ikkje vere nokon annan plass enn på bakken. Eg klarar det også fordi folk eg er med er til dagleg ikkje lever i den bransjen eg lever i. I kvardagen lever eg eit heilt vanleg liv.

På spørsmål om kva dei musikalske høgdepunkta har vore, seier Damli at ho kunne ha skrive ei heil liste. Likevel trekkjer ho fram deltakinga i Melodi Grand Prix i 2009 og Melodifestivalen i Sverige som store hendingar. Besøk i studio i Los Angeles er også på lista.

– Men forutan dette så er det berre det å ha fått reist rundt i nesten kvar krik og krok i Norge som har vore det aller finaste, seier ho.

Damli har planar om å gi ut noko nytt etter kvart, men når det blir er usikkert.

– Eg har framleis ikkje dårleg tid, seier ho.

Tone Damli og datteren Billie

NORMAL KVARDAG: Tone Damli har teke det roleg i musikkarriera sidan ho fekk dottera Billie for halvanna år sidan.

Foto: NRK