Hopp til innhold

– Eg høyrde meg sjølv skrike nei, nei, nei, dette går til helvete

FØRDE (NRK): På veg opp bakken såg han vogntoget kome mot i høg fart og var sjanselaus på å unngå kollisjonen. – Eg kom ufatteleg nok unna med det. Det kan eg takke høgare makter for.

PÅ SJUKEHUS: Sven Eirik Heggestad kom frå den dramatiske ulukka utan alvorlege skader.

Det kan ein kuttskadd og mørbanka tankbilsjåfør, Sven Eirik Heggestad frå Leikanger, fortelje etter ei natt ved Førde sentralsjukehus.

Men det kunne gått så mykje verre då han tysdag ettermiddag fekk ein semitrailer i fronten på veg opp Lundebakken på riksveg 5 i Jølster.

– Eg høyrde meg sjølv skrike nei, nei, nei, dette går til helvete. Eg tenkte at dette er slutten. Rett og slett, seier sogningen.

Hadde full skrens

Sjølv var Heggestad på retur frå Førde med 40.000 liter diesel på tankane. Vêrforholda i Kjøsnesfjorden kan vere lumske.

Det snødde og vindkasta var kraftige. Nysnøen la seg på tettpakka snø. Føret var sleipt og Heggestad køyrde først av fire vogntog opp bakken mot Fjærlandstunnelen.

– Nokre hundre meter frå innslaget til Fjærlandstunnelen kjem ein semitrailer i, slik eg opplevde det, rimeleg stor fart. Han kjem med full skrens på tralla, minnast Heggestad.

Prøvde å rette opp vogna

På veg ned bakken er det den svenske sjåføren Mats Modigh som kjem med semitraileren fullasta med dekk. På veg ut av Fjærlandstunnelen blir han møtt av ein vegg med snø og vind. Han trur ein augneblink at han køyrer inn i eit snøras.

– Men det var vinden som hogg tak og det var veldig glatt i vegbana. Eg prøvde etter alle kunstens sjåførreglar å rette opp vogna. I staden for å bremse, gassa eg på litt for å forsøke å rette opp slepet. Men dessverre så klarte eg ikkje å rette opp tilstrekkeleg.

Medan semitraileren held fram nedover bakken, veltar Heggestad og tankbilen utfor vegen og ned i skråninga.

Dei er begge i sjokk no. Den norske sjåføren blir liggande i tankbilen, medan den svenske kollegaen kjem seg bort og hjelper han ut. Mats følgjer Sven Eirik bort i ein annan bil slik at han får varmen i seg.

– Eg hjelpte han ut av bilen og eg følgde han til ein varmande bil, fortel den svenske sjåføren til NRK.

STERK OPPLEVING: Mats Modigh sitt vogntog var fullasta med bildekk. No helsar han til sin norske kollega med heile sitt hjarta, som han seier i dette intervjuet.

Den første ulukka

Ambulanse, brannvesen og politi kjem til. Heggestad blir frakta raskt til Førde sentralsjukehus, der dei til alt hell kan konstatere at han ikkje har fått alvorlege skader.

– Når du kjem til deg sjølv, vinden hyler rundt deg og du henger opp ned, så tenkjer du at det kanskje gjekk bra like vel, fortel sogningen til NRK onsdag.

Det har gått eit døgn sidan den dramatiske hendinga. Svein Eirik Heggestad får reise heim frå det ufrivillige opphaldet på sjukehuset. Mats Modigh er på veg heim til Sverige, med tankane og kjenslene.

– Det er første gang i mitt 53-årige liv eg har vore med i ei ulukke. Det er ikkje noko du har lyst å oppleve. Når eg no kjem heim, kjem vel alle etterverknadane, fortel trailersjåføren og dansebandmusikaren.

Tankbil som kvelva i Kjøsnesfjorden

STORE SKADER: Tankbilen som Svein Eirik Heggestad køyrde blei hengande opp ned.

Foto: Eirik Johnsen