Hopp til innhold

Vil sakne det å kunne gå til alt

Ho gir seg etter åtte år som rektor på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Desse åtte åra i fjellrike Sogn gjer at byfjella rundt heimbyen Bergen har mista noko av glansen.

Åse Løkeland

HAR LIKT SEG I SOGNDAL: Åse Løkeland har hatt åtte gode år i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Åse Løkeland tok til som rektor på HiSF i 2007. Før det hadde ho m.a. vore høgskulelektor ved lærarutdanninga i Bergen og frå 2003 personaldirektør ved Høgskolen i Bergen.

No seier ho takk for seg, midt i kampen for sjølvstendet til skulen, ein kamp ho har fronta saman med styreleiar Heidi Kathrin Osland. Og at ho skulle få ei så spennande avslutning på tida i Sogndal tenkte ho ikkje då ho tok til for åtte år sidan.

– Det har vore eit utruleg spennande år, det tok til i januar 2014 då dei sju punkta til statsråden vart lanserte. Vi skjønte at det kom til å bli ein omfattande prosess. Det har vore eit utal av møte, så det har aldri vore eit keisamt øyeblikk.

– Kva var den første tanken din då du fekk beskjeden om at de måtte fusjonere med andre?

– Eg tenkte at det er veldig mykje som står på spel om vi skal gi opp sjølvstendelinja. Då høgskulane vart etablerte på 1970-talet var det ein reform for å distribuere kompetanse ut i heile landet.

– Det har ført til tilgang på kompetanse, det har ført til landet beste skuleprestasjonar frå elevar her i regionen. Utgangspunktet var eit anna. Elles har vi råderett over budsjettet når vi er sjølvstendige, vi kan avgjere kva studieprogram vi kan tilby, og vi kan reagere på samarbeid med regionen og respondere på behov.

Rasmus Stokke vert ny rektor

OVERTEK: Rasmus Stokke blir rektor for Høgskulen i Sognn og Fjordane når Åse Løkeland forlet Sogndal.

Foto: Pressefoto

Når ho no ser tilbake på tida som rektor på HiSF er det med glede.

– Det er eit utruleg kjekt miljø her, klar tale, lite høgtidelegheit. Det er ikkje så mykje ekstra bemanning på ting. Eg visste veldig lite om høgskulen, men eg har likt meg frå første dag.

Åse Løkeland har etternamnet sitt frå Atløy, det er farfaren hennar som kjem derifrå.

– Og dit reiste eg kvar sommar i heile oppveksten. Broren til farfar etablerte krabbefabrikk, sildesalteri og handelsverksemd på Herland, så der fekk eg lov til å stå i butikk då eg var lita, så røtene er frå Sunnfjord.

Og i Sogndal har ho likt seg godt.

– Der går det an å gå til alt, til jobb, til trening, til butikkane, til flybussen og til lege, alt du vil nå. På søndagen kan du dra opp på Nuken eller Molden eller Storehogen eller Loftesnesfjellet. Det er så mykje å velje i. Du kan til og med ha ein søndagstur på Galdhøpiggen.

Etter slike turar blir det ikkje heilt det same med dei sju fjella rundt Bergen.

– Det blir litt tamt når eg går over Vidden no. Ulriken er flott, men det er ikkje like spektakulært.

Og ho meiner Sogn og Fjordane har svært mykje å tilby, særleg for småbarnsforeldre.

– Det må vere heilt utruleg å oppdra barn her. Så mykje tid som vi har brukt i Bergen til å frakte barn til og frå alle aktivitetar. Når vi har prøvd det å kunne gå til alt så tenker eg at det må ha veldige kvalitetar i oppveksten.

No har Åse Løkeland framfor seg eit utviklingsår etter jobben som rektor. Ho skal til UNESCO i Paris i september og hospitere og jobbe med høgare utdanning. I januar går turen til San Francisco der ho skal på eit forskingsopphald på Stanford.