Hopp til innhold

Veggen flytta seg, taket fall ned – og så måtte naboen flykte

Taket fall saman over hovudet på dei og tre personar måtte flykte over til naboane. Situasjonen var høgdramatisk i Flåm i natt.

Kristine Ramberg Aasen ved rotvelte i Flom

Kristine Ramberg Aasen opplevde ei dramatisk orkan-natt i Flåm. Tre fall ned, vindauge vart knuste og naboane kom styrtande over i huset i frykt for at deira eige hus skulle falle ned.

Foto: Kristine Ramberg Aasen

Kristine Ramberg Aasen fekk oppleve ein juleferie ho seint vil gløyme. Heime hos svigerforeldra i Flåm starta dramatikken i går kveld.

– Vinden vart sterkare og sterkare, huset rista og heile vinduskonstruksjonen vart øydelagt. På loftet vart eit vindauge knust og fjernsynet datt på golvet, seier ho.

– Den næraste naboen kom styrtande over til oss. Heile innerveggen i huset deira hadde flytta på seg og delar av taket datt ned. Dei frykta at heile huset skulle ramle saman. Det var skikkeleg dramatisk, seier Ramberg Aasen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Haugevis med tre har blåst ned i Flom i natt

Haugevis med tre har blåse ned i Flåm i natt.

Foto: Kristine Ramberg Aasen

Var redd for dattera

– Kor redd var du?

– Då dei verste vindkasta kom og huset rista skikkeleg, var eg redd for kva som kom til å skje. Eg sprang inn på soverommet til vesledattara mi, men ho låg heldigvis trygt i ro og sov, fortel Ramberg Aasen.

Ho bur vanlegvis på Austlandet og skal attende dit i kveld.

– Vi skal til Oslo i kveld, og eg lurer på om vi i det heile kjem oss over fjellet, seier Ramberg Aasen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det er store takskader mange stader i fylket. Her frå Flom.

Det er omfattande skader på mange hustak i fylket. Her frå Flåm.

Foto: Kristine Ramberg Aasen

Masse tre ligg velta

– Det held på å bli lyst i Flåm. Korleis ser det ut i bygda?

– Det er haugevis av tre som har falle ned, dregne opp etter røtene. Eg ser mange hus utan takplater. Hos ein av naboane har eit tre falle over bilen deira. Delar av pipa i huset her har falle av, og det er slått hol i gangen ved taket, seier Ramberg Aasen.

– Eg har aldri opplevd noko slikt før. Det er forferdeleg, seier ho. NRK har vore i kontakt med naboen som måtte flykte frå huset sitt, men han hadde ikkje tid til å prate med oss.

Slik ser ein mykje av i Flåm i dag.

Det er mange rotvelter i Flåm.

Foto: Kristine Ramberg Aasen