Hopp til innhold

Tåke sendte Kleppa til Ørsta

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa fekk ikkje lande på flyplassen ho skulle opne i føremiddag.

Anda

STENGT: Sandane lufthamn Anda var tåkelagt måndag føremiddag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Etter planen skulle samferdsleministeren opne den nye rullebana klokka 11 i dag. Men tåke gjorde det umogleg for flyet frå Oslo å lande.

– Her nede er det nok tjukt, men ein skal nok ikkje så langt opp før tåka er mykje, mykje lettare, får NRK.no opplyst ved lufthamnvakta.

Utsett opning

Magnhild Meltveit Kleppa på Sandane lufthamn, Anda

PÅ PLASS: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa kom med buss. Like før klokka 13:30 var ho på plass.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Flyet som kom frå Oslo skulle etter planen lande klokka 1037. Ombord var samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

På grunn av tåke måtte samferdsleministeren vere med flyet vidare til Ørsta/Volda, med transport på landevegen tilbake til Sandane.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, fylkesrådmannen og eit stort presseoppbod må dermed vente til 12.30 før opninga finn stad. Det har vore brukt kring 100 milionar kroner på å forlenge rullebana.

Ventar betring

Tåke har også skapt problem for anna flytrafikk. I Førde kunne ikkje eitt fly til Bergen gå som planlagt på grunn av tåke på Flesland. I Sogndal var det så vidt opning slik at morgonflyet kom ned, men sidan har det verken letta eller landa fly der.

Statsmeteorolog Jørgen Grønneberg meiner veret skal lette utover dagen.

– Det er høgtrykket som fører med seg mykje tåke. Det er ikkje utstrekt, men enkelte stader har fått den til gagns. Om to-tre timar ventar vi det skal bli betring, seier Grønneberg.