Hopp til innhold

Tajik fekk klare råd av Ap-veteranane

HØYANGER (NRK) Ap-nestleiar Hadia Tajik fekk råd frå partiveteranar om korleis Ap skulle vinne valet til hausten, då ho delte ut heider til trufaste partimedlemmer i Ap-bastionen Høyanger.

Arvid Lillehauge, Hadia Tajik, Solveig Norevik

RÅD: Arbeidsplassar, god integrering, faste stillingar og lågare nettleige var blant tema som 50-årsveteran Arvid Lillehauge og leiar Solveig Norevik (t.h) råda nestleiar Hadia Tajik å gå til val på.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Tidlegare ordførar og rådmann, Arvid Lillehauge, gav nestleiaren råd om å jobbe for å skape arbeidsplassar.

– Aluminiumsindustrien har no gått frå å etablere seg i utlandet til å seie at dei bør bli verande i Norge. Vi har store moglegheiter til å utvikle denne industrien vidare, for den er framtidsretta.

– Og så er det viktig med god integreringspolitikk. Uansett kor mange eller kor få asylsøkjarar vi tek inn, så må dei integrerast skikkeleg. For elles blir vi taparar alle saman, sa Lillehauge.

Arvid Lillehauge, Hadia Tajik

FESTA NÅLA: Arvid Lillehauge har vore medlem av Arbeidarpartiet i 50 år og fekk nål og diplom av Hadia Tajik.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Arbeidsplassar

Senterpartiet er ein stor utfordrar til valet, og løftar desentralisering opp som tema i valkampen. Den tidlegare ordføraren i Høyanger har tidlegare teke til orde for å fjerne og flytte direktorat.

– Vi har alt for mange direktorat og bør redusere byråkratiet her. Og så må vi flytte fleire viktige arbeidsplassar ut i distrikta, der det også finst god kompetanse, seier Lillehauge.

Tajik er leiar i programkomiteen i Arbeidarpartiet. Ho meinte råda var gode og kompetente.

– Høyanger er ein raud kommune med mykje god erfaring på industripolitikk og på å skape arbeidsplassar. Vi ønsker å bidra her.

– Ap meiner vi skal drive ein integreringspolitikk der vi stiller krav, men der vi også stiller opp når det trengst.

– Og distrikta er kjempeviktig for Ap. Vi har sidan 1930-talet gått til val på at vi ønsker by og land hand i hand, med arbeid og vekst i heile landet. Norge sitt fremste konkurransefortrinn er at vi har naturressursar og moglegheiter i heile landet, meiner Tajik.

Lillehauge etterlyste også meir satsing på kultur, og Tajik lovde at Ap ville legge fram eit kulturløft om partiet kom i regjering.

Torbjørn Vereide, Hadia Tajik, Ingrid Heggø

BESØK: Torbjørn Vereide, Hadia Tajik og Ingrid Heggø på veg inn i Folkets Hus i Høyanger.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Heider

Nestleiar Hadia Tajik var i Høyanger for å dele ut heider til partiveteranar med 40, 50 og 60 års medlemskap.

Ifølge leiar i Høyanger Ap, Solveig Norevik, er det 33 medlemmer som er komen i posisjon for dette i Høyanger no.

Også Norevik hadde råd å gje til nestleiaren.

– De må lytte til medlemmane. Og eg kan ikkje få understreka nok at det må satsast på arbeid og integrering.

Ho slo også eit slag for faste stillingar.

– Dei mellombelse tilsetjingane gjev berre utryggleik. Og ikkje minst innan pleie og omsorg. Det er lite kontinuitet, og brukarar, pasientar og tilsette blir utrygge, sa Norevik.

Tajik foreslo å fjerne den generelle tilgangen til mellombelse tilsetjingar som ho sa Høgre og Frp har innført.

– Nettopp for å gje folk meir føreseielege rammer. Sørge for at faste, heile stillingar er utgangspunktet, og arbeide aktivt mot ufrivillig deltidsarbeid, sa Tajik.

Nettleige

Arvid Lillehauge peikte på nettleiga som er høg i kraftproduserande Sogn og Fjordane. Hadia Tajik var samd at dette var eit problem.

– Vi ønsker å bygge utjamningsordningar opp att, og er villig til å diskutere andre ordningar som kan gje lågare og likare nettleige rundt om i landet, sa Tajik.

Ap-veteranar Høyanger, Hadia Tajik

VETERANAR: 33 veteranar i Høyanger får heider for minst 40 års medlemskap i Arbeidarpartiet. Ikkje alle er på bildet.