NRK Meny
Normal

Tacoen smakar best på tur

SOGNDAL (NRK): Ein skal helst ikkje tulle med fredagstacoen, men kva med å ete den utandørs? Sigrid Henjum viser deg kor enkelt det kan gjerast.

Sigrid Henjum lagar turtaco.

SJÅ VIDEO: Så lett er det å ta med kjøkkenet ut i naturen. (Foto/redigering: Martin Torstveit)

Det er ein klår og kald dag, og sola kjem krypande over fjellet. Du har lyst ut å kjenne sola i ansiktet, men tida strekk ikkje til. Det er alltid noko som må ryddast, vaskast, fiksast eller sjekkast. Og so går sola ned.

– Det treng ikkje vere so vanskeleg, seier Sigrid Henjum. Vi går berre over gjerdet her, og so set vi oss i sola og lagar middag.

Henjum er aktuell med turkokeboka «Et ute», og håper å inspirere folk til å ete meir utandørs. Ho er kjend for større ekspedisjonar og lange turar, men slår no eit slag for dei aller kortaste turane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lukas vil ha taco

EIN HEST ETTER TACO: Fjordingen Lukas vil gjerne ha ein bit av turtacoen til ryttaren Ingrid Eide

Foto: Martha Våge / NRK

– Du treng berre å kome deg ut døra! Alle vert i betre humør av å vere ute, og appetitten vert mykje betre, seier den nybakte kokebokforfattaren som gjerne deler oppskriftene på turtaco og kakao.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast