NRK Meny
Normal

Veterinær: – Ta godt vare på hunden din i sommar - bilen er den største faren

– Det er viktig å passe godt på hunden sin i sommarvarmen. Ein god huskeregel kan vere å tenke på kva du sjølv ønskjer i varmen, seier veterinær Hanne Husebø Kristensen.

Hund badar

FÅR KJØLE SEG NED: Den amerikanske bulldoggen, Lodin, blir kjølt ned i sommarvarmen.

Foto: NRK-tipsar

– Viss ein sjølv synast det er for heitt å gå på ein lang fjelltur eller å sitte ute i solsteika, så er det også det for hundane våre, seier Husebø Kristensen ved Flora Dyreklinikk. .

Ho understrekar at det er tilgang på vatn og skugge, som er det avgjerande for om hunden din trivast i varmen i sommar.

– Bilen er farlegast

Hanne Husebø Kristensen

SAMANLIKN MED DEG SJØLV: Veterinær, Hanne Husebø Kristensen, meiner du må tenke på kva du sjølv ville likt å gjere i sommarvarmen, for å gjere det best mogleg for hunden din.

Foto: privat

Veterinæren meiner folk stort sett er flinke til å passe på dyra sine, men at det kan vere lett å tenke at ein berre skal ein kort tur på butikken, og at ein difor tar med seg hunden bak i bilen.

– Ein set vindauga på gløtt og tenker at då er det greitt. Men så flyttar sola seg, og i løpet av nokre minutt kan det vere ein bakaromn i bilen som nettopp sto i skuggen. Då er det ikkje mange minutta som skal til før hunden kan bli overoppheta, og i verst fall døy, fortel ho.

Haugsbø Kristensen meiner det er lov å knuse eit bilvindauge for å hjelpe ein hund ut om det er reell fare for at det kan gå liv tapt.

– Eg meiner det er lov både lovverksmessig og moralskt. Ein har plikt til å hjelpe dyr i naud, seier ho.

Teikn på overoppheting

Hunden er mest utsett av alle kjæledyra våre. Katten er eit ørkendyr og gnagarane er varmetålelige, men det er viktig med tilgang på skugge også for desse dyra.

Om du er redd for at hunden din er overoppheta kan du sjå dei same teikna på den, som gjer på ei menneske.

– På eit tidleg stadium pustar og pesar han, du får kanskje ikkje kontakt med han og han verkar forvirra, seier ho.

Husebø Kristensen fortel at om det har gått lenger kan hunden vere bevisstlaus, og då må ein handle raskt.

– Då må du kjøle ned med det du har. Bruk hageslangen, frosne posa med erter eller ei vifte, eventuelt ein kombinasjon av alle tre. Legg våte handdukar over hunden, og når han vaknar må du tenke på drikke. Kontakt også dyrlege så hunden kan få hjelp raskt, seier ho.

Skal du ha med deg hunden på ferie?

Det viktigaste rådet frå Husebø Kristensen er at du har alt i orden før du reiser på ferie, med eller utan hunden.

– Skal hunden på kennel så må den ha sine norske vaksinasjonar på plass, og skal den til utlandet må den ha andre typar vaksinar og eit pass. Så dette må du sjekke i god tid før du reiser, seier Vetrinæren.

Om du skal ha med deg hunden i bilen, då må du leggje til rette for det.

– Kanskje ein kan ta med seg ei vifte og ha eit termometer godt synleg i bilen, slik at folk som går forbi og ser hunden kan sjekke om det er leveleg temperatur i bilen, seier ho.

– Hunden har det kanskje like bra på eit hundepensjonat i ferien, seier Husebø Kristensen.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy