Hopp til innhold

– Det er ei fantastisk kjensle å vite at vi faktisk har berga eit menneskeliv

Gjennom jobben om bord på Bourbon Orca står Syver Grepstad (31) frå Leikanger med begge beina i flyktningdramaet som utspelar seg i Middelhavet.

Bourbon Orca har delteke i fleire redningsaksjonar.

FLYKTNINGLEIR: Bourbon Orca skal frakte utstyr til oljeriggar, men ser tidvis ut som ein flyktningleir.

Foto: Privat

På tre månader har båten vore involvert i 15 redningsaksjonar, og har berga livet til 1.911 flyktningar i havsnaud.

Syver Grepstad

GIR INNTRYKK: Syver Grepstad har vore med på fleire av Bourbon Orca sine redningsaksjonar i Middelhavet.

Foto: Privat

– Vi blir eigentleg kasta rett inn i ein situasjon som vi ikkje har full kontroll på. Vi veit ikkje kven som kjem om bord til oss, men vi veit dei er på flukt og at vi må gjere det vi kan for å berge dei, seier Syver Grepstad til NRK.

Overlèt flyktningane til seg sjølve

Fredag skjedde det igjen. For andre gong på to dagar vart eit lasteskip i drift tatt under slep i Middelhavet.

Mannskapet forlét skipet i dårleg vêr, og overlét kring 400 flyktningar om bord til seg sjølve. Seint fredag kveld la det kring 50 år gamle lasteskipet trygt til kai i Italia.

Jan Egeland

NYTT FENOMEN: Jan Egeland meiner det er eit nytt fenomen at kyniske menneskesmuglarar forlèt lasteskip med flyktningar til seg sjølve i Middelhavet.

Foto: LAURENT GILLIERON / AP

– Det viser kor omsynslause desse menneskesmuglarorganisasjonane er og kor store ressursar dei disponerer. Men det viser først og fremst desperasjonen til titusen av medmenneske på andre sida av Europas yttergrense, Middelhavet, som er villige til å risikere livet for å få eit betre liv, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpa.

– Sterke inntrykk

Det siste kan Grepstad skrive under på. Båten han jobbar på skal i utgangspunktet levere utstyr til italienske oljeriggar utanfor kysten av Libya. I tillegg er dei hamna midt i straumen av båtflyktningar frå Afrika og Asia, til Europa.

Ezadeen i drift i Middelhavet 2. januar 2015

I DRIFT: Utan mannskap, men med kring 400 flyktningar om bord, måtte Ezadeen bergast i Middelhavet fredag.

Foto: Det islandske kystvaktskipet Tyr / Afp

Dei møter gummibåtar med opp mot 100 personar, gamle trebåtar med opp til 300 personar. Mange av fartøya er ikkje sjødyktige.

– At folk tek denne risikoen, vel vitande om kor farleg det er, gjer heilt klart inntrykk. Dei fortel kva dei flyktar frå. Mange kjem frå Syria og fortel om grufulle handlingar mot familiar og vener. Dei fortel at dersom dei blir returnert til Libya, så vil dei heller hoppe i havet, seier 31-åringen som har vore med på halvparten av redningsaksjonane til Bourbon Orca.

Ekstra innsats for borna

– Det er ei fantastisk kjensle å vite at vi faktisk har berga eit menneskeliv. Som sjøfolk vil du aldri at nokon skal drukne på havet. Det er noko ein absolutt vil unngå, og det å vite at ein har forhindra det, er ei god kjensle, seier han.

Bourbon Orca reddar liv i Middelhavet

EKSTRA FOKUS: Mannskapet om bord Bourbon Orca ynskjer å gje borna ei best mogleg oppleving av det å bli berga.

– Vi prøver å gjere ein ekstra innsats med borna. Dei skal leve med dette resten av livet. Vi har laga eit lite område der vi leikar med dei, gir dei ekstra mat, drikke og merksemd for å prøve å gi dei ei god oppleving av det å bli berga, legg Grepstad til og fortel at dei på eitt tidspunkt hadde 55 born om bord.

Heidra av FN

Mannskapet fekk i midten av desember i fjor prisen for «Årets heltedåd» for sin innsats i Middelhavet. Dei vart også heidra av FN i Genève for det same arbeidet.

Syver Grepstad tala om flyktningkrisa for FN

MØTTE FN: Syver Grepstad (t.v.) heldt i desember ein rørande og personleg tale for FN om dei intense opplevingane han og resten av mannskapet har med flyktningsituasjonen i Middelhavet.

Foto: Privat

– Vi gjere så godt vi kan. Vi har mykje ferskvatn og passar på at alle får vatn, og vi prøver å gi dei mat. Båten har arbeidsplass for mellom 17 og 19 personar, og har ein makskapasitet på 12 passasjerar. Men vi har hatt opp mot 480 personar om bord samstundes, seier Grepstad.

– Korleis ser det ut då?

Bourbon Orca i redningsaksjon

BERGAR LIV: Bourbon Orca har berga livet til 1.911 flyktningar i Middelhavet.

Foto: Privat

– For å vere ærleg, så ser det ut som ein flyktningleir. Det er vanskeleg å tenkje seg. Plutseleg er det folk overalt. Vi må gjere så godt vi kan å passe på at det er trygt og prøver å halde dei på avgrensa område for å ha oversikt over situasjonen.

Får ei dobbeltrolle

Problemstillinga til mannskapet er at redningsoppdraga går på kostnad av oppdraget dei er der for å utføre.

– Etter at vi har levert vidare flyktningane til marinefartøy, så ringer oljeselskapet og skal ha oss tilbake på jobb. Det er krevjande for oss som mannskap å få den dobbeltrolla, vedgår han.

– Vi prøver å ha eit normalt liv på jobb, så taklar vi situasjonen når den kjem opp. Det er ein bransje der ting endrar seg fort, men skulle det skje igjen, så er eg klar til å takle det på nytt, legg Grepstad til.

Bourbon Orca
Foto: Privat

– Gi dei håp der dei er

Egeland i Flyktninghjelpa seier det i løpet av siste året har kome 200.000 flyktningar over grensene til Europa. Han meiner heile Europa må medverke til å løyse situasjonen.

Mange av flyktningane er heile familiar som har gjeve frå seg alt dei eig og har i jakta på eit nytt og betre liv.

– Det ein kan gjere for å unngå dette, er å gi dei framtidshåp der dei er. Vi kan ikkje halde fram å sjå lika flyte rundt på Europas dørterskel, seier han og avsluttar.

– Vår medmenneskelegheit bør ikkje vere relativ. Det er klart at verdas rikaste, fredelegaste og tryggaste land, Norge, burde ta imot fleire. Men vi i Flyktninghjelpa er dei første til å seie at det er i nærområda vi mest effektivt gir hjelp.