Det fortel systrene Jorunn og Margrethe Frøyen. Måndag opna dei dørene til det nær 100 år gamle sveitservillaen for dei første cruiseturistane i Kalvåg.
På menyen stod ekte vestlandskost, med sveler, syltetøy, brunost – og sjølvsagt kaffi.
– Det var som å ha besøk av vanlege gjester. Eg trur dei sette pris på at heimekos var i sentrum, seier Margrethe.
Inviterte på heimebesøk
Det var britiske passasjerar om bord på cruiseskipet Saga Pearl 2 som allereie i februar opna cruisesesongen 2018. På programmet stod mellom anna guida tur til Grotle, Heimen og hjortegarden.
Og heimebesøk hos systrene Frøyen i sentrum av Kalvåg. For turistar som kjem til Norge vil ha ei autentisk oppleving av nordmenn sin kvardag. Og det ville systrene gi.
– Det var kjekke folk. Dei var interesserte i å høyre om huset og Kalvåg, og ein del antikvitetar som vi sette fram, fortel Jorunn.
Likte sveler og brunost
– Sveler var nytt for dei, men dei gav uttrykk for at dei likte det, legg Margrethe til og fortel at britane var nyfikne både på sveler og brunost.
– Kvifor opne dørene for turistar?
– Vi ynskjer at det skal komme cruiseturistar hit, og her er det i utgangspunktet ikkje så mange attraksjonar. Så då vi fekk spørsmålet tenkte vi «kvifor ikkje?». Det er jo for å gjere eit godt inntrykk og marknadsføre Kalvåg på ein god måte.
Kjem gjerne tilbake
Det ser Kalvåg ut til å ha gjort i sitt første cruiseanløp.
– Vi reiser ofte til Ålesund, Bergen og Stavanger, som har eit stort tal innbyggjarar og mange turistar. Å komme hit til eit urørt område er fantastisk. Eg håpar på fleire anløp her, seier kaptein Nick Sutherland om bord på cruiseskipet.
– Det er eit flott landskap og fine menneske, legg han til.
– Ein merkedag
Dette er gode ord for øyra til Jan Fredrik Fosse. Innehavaren av serveringsstaden Knutholmen har i to år jobba for å få cruiseskip til å stogge i Kalvåg.
Han håpar Saga Pearl 2 ikkje er første og siste cruiseskip som stoggar i Kalvåg.
– Eg håpar vi gjer eit så godt inntrykk at både dei, og fleire, kjem til Kalvåg, seier han etter det som best kan skildrast som ein festdag for lokalsamfunnet i Bremanger.
Cruiseskipet vart møtt av korsong og vaiande norske flagg. Og turistane skapte langt meir liv og røre i gatene enn det som er vanleg på denne årstida.
– Det har vore skikkeleg god stemning. Det er ein merkedag for Kalvåg og Bremanger, seier han.