NRK Meny
Normal

Synne fekk nærkontakt med pingvinar

Etter to veker i Antarktis var opplevingane mange for fotojournalisten Synne, men nærleiken til dyrelivet var ekstra spesielt.

Synne Asheim Haga

SJÅ VIDEO: Synne Asheim Haga filma møtet med pingvinane. (REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Pingvinane var særs nyfikne. Ein pingvin kom veldig nærme, fortel Synne Asheim Haga.

I over to veker var Asheim Haga på Antarktis for å filme dyreliv og deltakarar i ein ekspedisjon i regi av stiftinga 2041 Foundation. Nærkontakten med dyrelivet var noko heilt anna enn kva Asheim Haga, frå Brekke i Sogn, hadde sett føre seg.

Synne Asheim Haga

SPESIELT: Fotojournalist Synne Asheim Haga fekk eit heilt spesielt møte med dyrelivet i Antarktis.

Foto: Zornitza S Hadjitodorova

– Det var ei heilt spesiell oppleving. Vi måtte sitte med ei avstand på minst fem meter, då kunne dyra sjølv bestemme om dei ville komme fram til oss. Både sjøløver og pingvinar kjem gjerne heilt fram.

Nokre av dyra var hissigare enn andre, særleg dei større selane med kraftige tenner.

– Selane kunne finne på å jage oss, men då skal du gjere deg så stor som mogleg, fortel Asheim Haga.

Lange dagar

Det var hektiske og lange dagar for Asheim Haga som til vanleg studerer tv-journalistikk i Oslo. Ho filma opplevingane til deltakarane i ekspedisjonen med eit fokus på berekraftig utvikling og miljø.

– Vi skulle følgje same program som deltakarane, men då dei var ferdig med sin dag, måtte vi bruke kvelden på å redigere det vi hadde filma i løpet av dagen.

Gå til forsiden

Nærkontakt med pingvinane

Møtte pingvinane i Antarktis

Nærkontakt med pingvinane

10 bilder

    For å komme seg til Antarktis reiste Asheim Haga frå Ushuaia i Argentina, ein av verdas sørlegaste byar, med eit cruiseskip som tok ho og deltakarane i ekspedisjonen over Dragestredet til Antarktis.

    – Dragestredet kan vere verdas mest røffe passasje på havet med bølgjer på over 20 meter. Det var ikkje fullt så gale då vi var der, men likevel mykje bølgjer. Alt på rommet mitt suste vegg i mellom, fortel Asheim Haga.

    Krevjande vêr

    I to veker budde Asheim Haga saman med deltakarane på ein stor båt, men var innom land ein eller to gonger om dagen. Vêret varierte frå dag til dag.

    Antarktis
    Foto: Synne Asheim Haga

    – Det kunne vere sol og vindstille, då kunne vi reise rundt i ein liten gummibåt for å sjekke ut isbreane og dyrelivet. Plutseleg kunne det brått skifte over til eit ganske ufyseleg vêr med røff vind og snø, seier Asheim Haga.

    Asheim Haga hadde førebudd seg på i alle fall ti minusgrader og mykje vind.

    – Det varierte mellom pluss- og minusgrader, og var gjerne mildare enn kva det er mange andre stader i Noreg på same tid.

    Etter turen sit Asheim Haga att med mykje kunnskap kring Antarktis og klima.

    – Vi bør vere flinkare til å tenkje over vala vi gjer. Det er viktig å sjå på alternative energikjelder. Eg har stor tru på at teknologi vil kunne hjelpe oss framover.

    Les også: Fikk oppleve eventyret i Antarktis

    GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
    "Parkslirekne er ein plagsam vekst".
    Detaljane skal finpussast